Image

Basiskurs i teaterregi 9. - 10. september

Basiskurset i leiing og regi blir arrangert fast kvar haust på Det Norske Teatret i Oslo. Kurset gir ferske instruktørar dei grunnleggjande ferdigheitene til å kunne drive som instruktør i sitt lokallag. Dette kurset tek difor for seg både leiing og regi slik at deltakarane får ei klarare forståing for kva dei ulike rollene inneber og korleis dei skal takle alle dei ulike oppgåvene. Kurset kvalifiserer deltakaren til å gå vidare på sjangerkurs.

I 2017 vert basiskurset arrangert helga 9-10. september. Som kursdeltakar (og NU-medlem) betalar du berre for reise og overnatting.  NU dekkjer kursutgifter, måltida og teaterbilletten din. Kurset har svært avgrensa kapasitet, så det er førstemann til møllla!

Vi har avtale med Hotell Bondeheimen som ligg vis-à-vis Det Norske Teatret.  

PÅMELDING FINN DU HER

Kursplan

Laurdag 9.9 REGI

Kl. 08.30 Registrering

Kl. 09.00 Kva er ein instruktør/regissør?

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 12.30 Korleis jobbe med eit ensemble

Kl. 15.30 Omvisning på Det Norske Teatret

Kl. 16.30 Middag

Kl. 17.30 Teaterpremiere på Det Norske Teatret: Skål for dommedag!


Søndag 10.9 LEIING

Kl. 09.00 Kva er ein produsent?

Kl. 12.00 Lunsj

Kl. 12.30 Nøkkeloppgåver i eit produksjonsapparat

Kl. 15.30 Kursslutt og avreise


Med atterhald om endringar i programmet.


PÅMELDING FINN DU HER


 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign