Image

Grunnleggande instruktørkurs folkedans

I samarbeid med BUL Steinkjer og Hilmarfestivalen skipar Noregs Ungdomslag til grunnleggande instruktørkurs i Steinkjer helga 10.-12.november 2017.

Om kurset:
På det grunnleggande instruktørkurset lærer du eit repertoar av dansar, du får grunnleggande kunnskap om sjangeren eller målgruppa, og du lærer metodar for å læra bort og leia dans. Gjennom kurset lærer du om kva språk og terminologi som vert brukt innanfor dei ulike dansefamiliane og refleksjon rundt dette.

Om instruktørane:
Anna Liv S. Gjendem er ein ung, moderne dansar frå Molde med eit solid feste i tradisjon. Ho har BA i utøvande tradisjonsdans (NTNU/Ole Bull Akademiet) og ein mastergrad i Tradisjonskunst frå Høgskulen i Telemark. I tillegg til stillinga som dagleg leiar ved Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal, arbeider ho fulltid som utøvande tradisjonsdansar. Gjendem brenn for å formidle den lokale dansearven både på tradisjonelle og nyskapande måtar! I tillegg er Britt Elise Skram med som spelekvinne.

Målgruppe for kurset:
Kurset er for deg som har dansa ein del eller mykje og vil bli/er instruktør. På kurset vil me gjerne ha ei blanding av folk med instruktørerfaring og folk som er heilt ferske. Ein treng ikkje å ha instruert tidlegare for å vera med på dette kurset.

Kurstider:
Fredag 18:00-21:00
Laurdag 09:00-17:00
Sundag 10:00-13:00

Lønsj begge dagar er inkludert i kursprisen.

Kurspris:
400,- for medlemer i Noregs Ungdomslag
800,- for ikkje-medlemer i Noregs Ungdomslag

Kurslokale:
Campus Steinkjer, Elvenget 20, 7716 Steinkjer.

Overnatting:
Deltakarane tingar overnatting sjølve.

Medlemer i Noregs Ungdomslag får rabatt på Quality hotel og Best Western hotel. Ein får 5% på beste pris på Quality Hotel Grand om ein bruker kodeordet «Hilmarfestivalen»


Det er og mogleg å tinge overnatting på flatseng på Campus Steinkjer for 170,- per natt inkl. frukost via: https://fint.hoopla.no/sales/. OBS: ein må huke av for ein billett per natt, altså to for fredag-sundag.


Påmelding:
Påmelding til instruktørkurset skjer via: www.deltager.no/grunnleggande_instruktorkurs_steinkjer. Kurset har eit begrensa antal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist er fredag 20.oktober kl. 23:00.

Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.

---

Instruktørkurset går parallelt med Hilmar:UNG og Hilmarfestivalen og det er difor mange spanande konsertar og dansefestar å besøka utanom kurstida. Deltakarane tingar eigen billett til eventuelle konsertar og dansefestar her: https://hilmarfestivalen.no/

---
Med atterhald om endringar.

 Image
Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign