Image

Landsmøte og NU-helg

 Noregs Ungdomslag sitt landsmøte blir halde i Oslo på Scandic St. Olavs plass (tidlegare Scandic Edderkoppen), laurdag 28. og søndag 29. april. 

I år blir det lagt større rammer rundt landsmøtet, der også personar som ikkje skal delta på det formelle landsmøtet vil få eit tillbod. Vi håper difor at laga vil vurdere å sende fleire personar til å delta på denne storstilte NU-helga:

  • Det vil som tidlegare år bli lagt opp til faglege seminar både fredag og laurdag, og desse seminara er opne for alle. Les meir her.
  • Det vil bli arrangert eit eige demokratiseminar på fredag. Dette blir halde i Nynorskens hus (BUL Oslo), og er ope for alle.
  • Vi tilbyr også instruktørkurs i dans og teater, samt kurs i handsydde dåpsluer. Desse kursa går parallelt med landsmøtet, og er difor tiltenkt dei som ikkje skal på landsmøte. Les meir her.
  • Laurdag kveld blir det dans i BLS sine lokale i Nordal Brunsgate 22, med musikarane Vegar Vårdal (fele), Patrik Andersson (fele) og Åsmund Reistad (gitar, madola m.m.) Dansefesten er også open for alle.

Utsendingar til landsmøtet:
Påmeldingsfristen til landsmøtet er 19. mars, og det er to ulike skjema som må sendast inn. 

Andre som vil delta på NU-helga:
Felles påmeldingsfrist for kursa og seminara er 11. april. 


SAMLA PROGRAM, FØREBELS SAKLISTE, PÅMELDINGSSKJEMA M.M. FINN DU HER

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign