Image

Årsrapportering

Laga i Noregs Ungdomslag skal kvart år levere årsrapportar med stadfesta medlemslister for det foregåande året. Fristen for dette er i år utsatt til 15. april. Dette skjer gjennom medlemssystemet Hypersys.

Medlemstala i årsrapportane blir lagt til grunn for utmålinga av ein del av statstilskotet til Noregs Ungdomslag, og for utmåling av Frifondpotten som blir fordelt mellom lokallaga. Alle lag må ha levert årsrapport for å kunne få tildelt frifondmidlar og for å søkje om momskompensasjon gjennom Noregs Ungdomslag.

Alle som sat i styret i lokallaget pr 31.12. det foregåande året skal kunne logge seg inn i Hypersys. Føresetnaden er at personen er registrert som styremedlem, og at det er registrert e-postadresse og mobilnummer til personen. Om ein av styremedlemmene har tilgang, kan denne personen legge inn evt. manglande opplysningar på dei andre styremedlemmene.

Innlogging gjerast gjennom lenka nedst i menyen til venstre på denne sida, eller ved å klikke her. Logg deg inn med e-postadresse og evt. passord. Ved førstegongs innlogging klikkar du på "send nytt passord." Du får då tilsendt dette på e-post eller sms.

Her finn du eit pdf-dokument med eit oversyn over kva opplysningar du må ha tilgjengeleg for å fylle ut og levere årsrapporten.

Send gjerne ein e-post til post@ungdomslag.no, eller ta kontakt på tlf 24 14 11 16 om du treng hjelp til å fylle ut årsrapporten.

 

 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign