Image

Fakta om tippenøkkelen

Bakgrunnen for at Noregs Ungdomslag stiller seg bak aksjonen er som følgjer:


I dag blir spelemidlane fordelt med 36,5% til kulturføremål, 45,5% til idrettsføremål, og 18% til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Midlane som går til idrett og samfunnsnyttige/humanitære organisasjonar blir fordelt utanom statsbudsjettet, det vil seie at pengane går direkte til mottakar.
 

Når det gjeld spelemidlane til kulturføremål, så blir 2/3 av desse midlane fordelt av Stortinget og 1/3 av Kongen i statsråd. Tredjedelen som blir fordelt ved kongeleg resolusjon går til Frifond, den kulturelle skulesekken og lokale og regionale kulturbygg. Resten av overskotet som skal gå til kulturføremål (2/3) går inn i “statskassa,” og det er ikkje sporbart kva desse midlane blir brukt til.
 

Fleire aktørar i kulturlivet har dei seinare åra etterlyst eit tippemiddelrekneskap som viser korleis spelemidlane til kulturføremål faktisk blir brukt. Slik stoda er no, er det berre tredjedelen som blir fordelt ved kongeleg resolusjon som er sporbar.
 

Vedtaket frå Arbeidarpartiet sitt landsmøte går ut på at delen som går til idrettsføremål skal aukast til 64%, og at delen som skal gå til kulturføremål skal reduserast til 18%. (Delen til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar skal vere 18%, som før). Arbeidarpartiet meiner at dette forslaget vil bety “eit historisk løft for kulturen,” fordi berre 12,1% av spelemiddeloverskotet går til kulturføremål i dag.  


Fakta er:

  • Det er berre 12,1% av spelemiddeloverskotet som i dag er sporbart til kulturføremål.

  • Ei endring av tippenøkkelen slik at kulturføremål får 18% vil bety ei auke i høve til det som reelt sett går til kulturføremål i dag, forutsett at denne auken også blir fordelt gjennom kongeleg resolusjon


Men, fakta er også:

  • Dagens tippenøkkel tilseier at det skal gå 36,5% til kulturføremål, men vi får berre 12,1%.

  • Dersom tippenøkkelen blir endra i tråd med Arbeidarpartiet sitt vedtak, betyr dette at kulturen får berre halvparten (18%) av det vi skal ha med gjeldande tippenøkkel (36,5%).


Noregs Ungdomslag meiner difor at den viktige saka er å kjempe for at dagens tippenøkkel skal bestå, og at 100% av kulturen sin del av spelemidlane må bli sporbare.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign