Image

Styret

Styret i Noregs Ungdomslag er valt av landsmøtet, og har ansvaret for at arbeidet i organisasjonen blir drive i samsvar med lov, styringsføresegner, arbeidsprogram og andre vedtak gjort av landsmøtet.

Styret skal i følgje lova ha 7 medlemmer, og vere samansett av leiar, politisk nestleiar, organisatorisk nestleiar og 4 andre styremedlemmer.

Styret har omlag 10 møter i året, og handsamar saker førebudd av generalsekretæren. Aktuelle saker er t.d. konkretisering av arbeidsplan og budsjett frå landsmøtet, strategisk planarbeid, ulike interessepolitiske saker (t.d. lobbyplan og arbeid opp mot statsbudsjettet), oppnemningar og representasjonar.

For kontaktinfo til styret sjå her.
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign