Image

Vil du vite meir om Gjesteinstruktør?

Image

Ynskjer de hjelp til å lage ei (betre) framsyning?

Treng de oppstartshjelp - eller kanskje berre litt finpuss?
 
Kva med kulissene, treng de hjelp der?


Få besøk av Gjesteinstruktør som kan hjelpe laget ditt!



No kan teater/revy/musikalgrupper i Noregs Ungdomslag få besøk av ein instruktør heim til laget sitt.
Vi tilbyr alt frå hjelp til å starte teater/revy/musikalgruppe, øvingshelg, kurs i improvisasjon, skodespelarteknikk, musikalarbeid, klovning, sminke, kulisser, lyd/lys m.m.

Vi ber gruppene om sjølv å kome med kursforslag. Det kan vere skodespelarteknikkar, å starte teatergruppe, teaterproduksjon, skrive tekstar, lage kulisser, kostymer,  sminke m.m. Teaterrådgjevaren på NU-kontoret tek seg av det praktiske med å skaffe rett instruktør til dei ulike oppdraga, så de kan (innanfor dei økonomiske rammene) få den instruktøren og det kurset de ynskjer.

 

Ei gruppe kan nytte ordninga gjesteinstruktør for teater ein gong per år. Dersom det er midlar att på slutten av året, kan ein gjere unntak.

Korleis tinge instruktør?

Ta kontakt med teaterrådgjevaren på kontoret (sjå nederst) og avtal tidspunkt og kva type kurs de ynskjer. Kontoret syter då for å skaffe den rette instruktøren til ditt lag. Om de har ein instruktør i tankane er det berre å kome med framlegg om denne instruktøren. Lokallag betaler ein eigendel på kr. 5000,-  (meir dersom ein har fleire enn 40 deltakarar eller treng fleire instruktørar). Gruppa får då kurs på 12 timar og Noregs Ungdomslag betalar honorar, reise og overnatting til instruktør. Det er mogleg å utvide kurset til lengre enn 12 timar, men då kjem det ein ekstrakostnad per time på ca. 500,- (avhengig av kurs og instruktør). Kurset skal i all hovudsak vere lagt til ei helg. 
Det er krav om at laget melder kurset inn til Studieforbundet Kultur og Tradisjon ( www.kulturogtradisjon.no/ ) dersom det er fleire enn 3 deltakarar over 14 år på kurset. Dette gjer at laget sin kostnad minskar med ca. 1000-1500kroner, og det må jo vere bra?

Kostnadane på eit slikt kurs plar vere kring 15 000,- så det vil i praksis seie at kvart lag vert sponsa med 10 000,- per oppdrag. Dette er fordi me meiner det er viktig at alle lag skal kunne nytte seg av profesjonelle instruktørar både for påfyll av kunnskap, oppfrisking av gamal, og som inspirasjon til vidare arbeide.

Det er lenge sidan vi hadde fast ansatte reiseinstruktørar i teater, men framleis er det sterke band mellom teatergrupper som fekk besøk og Noregs Ungdomslag. “Den nye” reiseinstruktørordninga har vi hatt sidan 2009 då vi fekk stønad frå LNU/Kulturmidlane for å ta opp att arbeidet med reiseinstruktørar. Vi søkte om nye midlar for 2010, men desse blei ikkje innvilga. NU har allikevel valt å vidareføre prosjektet. Vi utviklar eit opplegg tilpassa lokale behov, med deira instruktørar, deltakarar og teaterleiarar som målgruppe, og for å reflektere endringane i ordninga frå tidlegare, har vi difor valgt å endre namnet på ordninga til gjesteinstruktør.

Har du spørsmål?

Ta kontakt med NU-kontoret: post@ungdomslag.no






 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign