Image

Fylkeslaga i NU

 

Som hovudregel blir eit lokallag medlemslag i Noregs Ungdomslag gjennom å melde seg inn gjennom eit fylkeslag. Om ikkje det finst eige fylkeslag i området, kan laget bli tatt opp som direkte innmeldt lag.

Det er stor skilnad på kor mykje faglege og økonomiske ressursar som ligg til kvart fylkeslag, og dette gjer at det kan vere skilnader fylkeslaga i mellom på kva tenester som vert ytt til laga. 

Etter vedtak på årsmøtet i Noregs Ungdomslag i 2009, har fylkeslaga følgjande roller og oppgåver

 

Minimumsoppgåver:

 
  • Gjennomføre eige årsmøte
  • Delta på NU sitt årsmøte og landsråd
  • Sende årsrapport samt årsmelding og rekneskap for fylkeslaget til NU, innan gitte fristar.
  • Melde inn kontingentsats til NU.
  • Andre oppgåver som til ei kvar tid følgjer av lova til NU. Pr i dag er dette:
 

Andre oppgåver som det kan vere naturleg at fylkeslaget gjer:

 
  • Informasjon til medlemmene om tilbod og aktuelle saker i NU og i regionen.
  • Oppfølging av lokallaga utanom årsmøtet, eks. lagsmøte, leiarmøte, kontaktperson, barnestemne
  • Kurs for medlemmene og lokallaga, gjerne i samarbeid med NU sentralt
  • Søke felles regionale midlar
  • Nettverksbygging. Delta i og bygge opp eigna nettverk regionalt – fagleg og politisk
  • Følgje opp fylkeslaga si rolle i tiårsplanen for sentrale tilskipingar, vedteke på årsmøtet i 2008,
  • Rekruttering av lag
  • Vere ein samarbeidspart for NU sentralt i oppfølging av einskilde lag

Bakgrunnen for dette vedtaket var ein rapport frå ei arbeidsgruppe, nedsett av styret i NU, som m.a. såg på rolla til fylkeslaga.
Arbeidsgruppa var oppteken av at ein må vurdere på kva måte regionnivået kan bidra til utvikling og bygging av organisasjonen. Når ein drøftar strukturelle endringar og krav til delar av eit organisasjonsapparat, er det viktig at ein ser på samanhengen og samspelet mellom dei ulike lekkane i organisasjonen, og på kva måte desse kan bygge kvarandre sterkare.
 
Tradisjonelt har ein kanskje hatt ei førestilling om at det er fylkeslaga som er ”limet” i ein organisasjon, og som skal vere bindelekken mellom ungdomslaga og sentralleddet. Fylkeslaga har kanskje hatt ei slik rolle tidlegare, men når ein ser på strukturelle og ressursmessige ulikskapar i fylkeslaga i dag, kan ein verken forvente eller håpe på at fylkeslaga skal fylle ei slik rolle.
 
- Ein organisasjon som Noregs Ungdomslag, som har så mange som 14000 medlemmer, er heller avhengig av at ein har eit ressurssterkt sentralledd, som er rusta til å drive organisasjonsbygging, og som arbeider for at dei ulike organisasjonsledda framstår som ein samla organisasjon. Lokallaga må vere medvitne og stolte av å vere ein del av det felles tankegodset som ligg til grunn for organisasjonsfellesskapet, og denne organisasjonsbygginga bør vere ei av dei fremste oppgåvene til sentralleddet.
 
I forlenginga av dette har sjølvsagt fylkeslaga ei viktig rolle i organisasjonen, og arbeidsgruppa har gjort eit forsøk på å definere nokre minimumsoppgåver for fylkeslaga. Det blir understreka at dette er eit minimum av kva oppgåver lokallaga skal forvente av fylkeslaget. Ideelt sett bør fylkeslaga ha ein aktivitet som går lengre enn det som blir foreslått som minimumsoppgåver, men arbeidsgruppa er klar på at det er fylkeslaga sjølv som må definere sine eigne arbeidsoppgåver utover dette.
 
Arbeidsgruppa har vidare definert eit sett med oppgåver som arbeidsgruppa ser det som naturleg at fylkeslaga kan arbeide med og som vil styrke fylkesleddet sin funksjon i organisasjonen og i sin region, og som vil medverke til ei sterkare organisasjonsbygging samla sett.
 
Minimumsoppgåvene definerer viktige formelle krav og sikrar eit minimum av deltaking i organisasjonsdemokratiet. Dei oppgåvene som arbeidsgruppa har lista opp ut over dette skal bidra til oppfølging av lokallaga, god informasjonsflyt, engasjement, kunnskap, nettverksbygging og samarbeid mellom dei ulike organisasjonslekkane. Det er viktig at oppgåver som fylkeslaga får seg tildelt som eit minimum er oppgåver som inspirerer og som fylkeslaga kan lukkast med. Dei byråkratiske oppgåvene bør om råd leggast til sentralleddet. Fylkeslaga kan spele ei viktig rolle i kompetanseheving i organisasjonen og vere eit ledd i å sikre kontinuerleg organisasjonsbygging og å kunne nå ut til fleire. 
 
Endringar i regelverket for den statlege driftsstøtta har gjort at kursverksemd no er eit av utmålingskriteria for støtte, i tillegg til tal medlemmer og lokallag. Kursa må derimot vere i regi av sentralleddet for å gje utteljing. Samarbeidet mellom sentralleddet og fylkeslaga kan utviklast for å møte desse nye rammevilkåra. Slike tiltak må også sjåast som ein måte fylkeslaga kan auke/utvikle tilbodet og sørvisen til sine medlemmer på.
 
Det synast naturleg at dei fylkeslaga som har personalressursar har betre føresetnader for å skape auka aktivitet i laga. Fylkeslaga har svært ulik økonomi og arbeidsgruppa har ikkje diskutert om det skal stillast krav til fylkeslaga om å ha tilsette.
 
Arbeidsgruppa har også diskutert om det skal knytast sanksjonar til minimumskrava Minimumskrava skal sikre medlemmene at fylkesleddet oppfyller eit minimum av formelle krav til deltaking i organisasjonen og demokratiet. Dersom eit fylkeslag ikkje oppfyller minimumsoppgåvene gjev dette NU sentralt eit grunnlag for å stille spørsmål og å følgje opp fylkeslaget på desse punkta. Ut over dette har ikkje arbeidsgruppa vurdert det som føremålstenleg med sanksjonsformer. Arbeidsgruppa har diskutert ulike tiltak som styret i NU må ta stilling til frå sak til sak. Dette kan vere t.d. å halde attende kontingent eller å ta over oppgåver i fylkeslaget.



 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign