Image

Folkedans i kulturskulen

Kvifor folkedans i kulturskulen?

Kulturskoleløftet til den raudgrøne regjeringa slår fast at staten har eit overordna kulturansvar og at kulturskulane skal spegla eit kulturelt mangfald. Unesco-konvensjonen om immateriell kulturarv forpliktar at staten tek hand om norske dansetradisjonar. Midt oppi dette står Noregs Ungdomslag som ein sentral folkedansorganisasjon.

 

Mykje av utgangspunktet for prosjektet er å finne gode samarbeidsmodellar mellom kulturskular og lokale lag. På den måten kan kulturskulen som ressurssenter verta styrka og folkedansen verta synleggjort. Samtidig vil det lokale lagsarbeidet kunna styrkast ved at interessa for folkedans aukar i lokalsamfunna. Det er også eit poeng at laga kan bidra med ei heilskapleg oppleving av dansen ved at laga organiserer sosiale opplevingar utover dei pedagogiske rammene dei opplever i kulturskulen

 

- Målet med prosjektet er dermed ikkje å riva beina under danseopplæringa i laga, men at ein saman kan få til eit samarbeid som aukar statusen til dansen, seier prosjektleiar Halldis Folkedal.

 

Prosjektleiinga sentralt i Noregs Ungdomslag er likevel avhengig av deg for å få dette til! Me treng lokallaga med på arbeidet, og håpar at du som les dette synest at dette er ei viktig satsing. Kvifor ikkje ta ein telefon til kulturskulen der du bur, fortelja litt om satsinga vår og høyra etter om ein kan få til eit samarbeid?

 

FAKTA OM PROSJEKTET:

  • Prosjektet Folkedans i kulturskulen vart starta opp i mars 2011, i regi av Noregs Ungdomslag. Prosjektet har eit pilotprosjekt mellom Levanger kulturskole og Skogn Ungdomslag i Nord- Trøndelag. Utifrå dette prosjektet skal ein hausta erfaringar og på sikt kunna utvikla gode samarbeidsmodellar.

  • Prosjektleiaren heiter Halldis Folkedal. Ho kjem frå Granvin i Hardanger, er utdanna dansevitar, er folkedanspedagog, og har tidlegare undervist folkedans i kulturskulen. Ta gjerne kontakt med Halldis dersom du har idéar til prosjektet eller vil starta opp folkedans i kulturskulen der du bur.

  • Det overordna målet er å få meir folkedans inn i kulturskulane og å få dette til gjennom samarbeid mellom lokale lag og kulturskular.  

    Prosjektet er støtta av Utdanningsdirektoratet.


 Image
 Image
 Image
 Image
 Image
 Image

Noregs Ungdomslag • Øvre Slottsgate 2 B, 0157 Oslo • Tlf 24 14 11 10 • post@ungdomslag.no • Ansvarleg redaktør: Eli Ulvestad
IBAN NO51 810107 00027, SWIFT DABANO22

Design og publiseringsløsning: mpDesign