- Folkedans
ISLEK 2025
Bli med til Island 14.-20. juli på folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK.
- Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island
- 35 000 Islandske kroner (ca. 2800 NOK)

14.-20. juli 2025 arrangeras folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK, litt utanfor Reykjavik på Island. ISLEK er ein del av Nordlek-organisasjonen sitt arrangement, og det er ein slags miniutgåve av dei større festivalane som bli kalla NORDLEK. ISLEK feirer 50-årsjubileum i 2025 og håpar at mange frå Noreg og resten av Norden vil delta på feiringa!
På ISLEK blir det mykje dans, musikk, draktutstilling, utfukter mm. Det blir tilbod om skuleovernatting på stemnearenaen og gode alternativ for alle måltid.
Lenger ned på denne sida finn du oppdatert informasjon om arangementet. Meir info finnes også på arrangørens nettside .
MERK: Påmeldingsfristen for å delta på ISLEK er torsdag 20. mars 2025!
Lag, grupper og enkeltmedlemmer kan melde seg på til ISLEK, og får rabattert pris gjennom å vera medlem i Noregs Ungdomslag. I år er det ingen kvote eller sentral påmelding, så her er det berre å melde seg sjølv og gruppa si på som deltakarar i festivalen direkte til ISLEK-arrangøren innan påmeldingsfristen.
Alle spørsmål til ISLEK rettast til arrangørens mail: islek2025@gmail.com.
Spørsmål til Noregs Ungdomslag og Noreg si deltaking på ISLEK sendast på mail til: solveig@ungdomslag.no.
Praktisk informasjon frå arrangøren
Velkomen til ISLEK 50 år!
Þjóðdansafélag Reykjavíkur (Reykjavik folkdansforening) har arrangerat ISLEK åtte gonger tidlegare, sidan 1975 med omlag 160-350 deltakarar kvar gong.
No inviterer dei alle folkedansarar og folkemusikarar til ei stemneveke med sprudlande danseglede, buskspel, samspel, dansespel, kurs, nordisk danseaften, ballader, historiske dansar, folkedrakter og avslutning med festmiddag. Det blir også framsyning av dans og musikk i Arbæjarsafn museum og i Reykjavik-området.
Det blir utstilling av islandske folkedrakter og handtverk i samarbeid med Heimilisiðnaðarfélag Íslands (Hemslöjden i Island). Du kan også få med deg foredrag om islandsk folkemusikk og folkedrakter, samt utflukt til lokale handtverkarar.
Trykk her for å sjå det førebelse programmet frå arrangøren.
Påmelding innan 20. mars!
Alle som vil delta på ISLEK må melde seg på til arrangøren innan torsdag 20. mars 2025.
For å melde deg på fyller du ut påmeldingsskjemaet i xcel (trykk her). Når alle sider i reknearket er fylt ut sendast det på mail til ISLEK2025@gmail.com. Du vil få tilsendt ein faktura for betaling frå arrangøren når påmeldinga er gjennomgått. Fakturaen må betalast innan utgangen av mai.
Meir informasjon om påmelding finn du på arrangørens heimeside.
Prisar
Stemneavgift/festivalpass (dette inkluderar stemnemerke, inngang til Dalslaug (basseng) og deltaking i programmet, unnteke avslutningsfesten):
- Medlem i Nordlek/Noregs Ungdomslag: 35000 ISK/person (ca. 2800 NOK)
- Ikkje-medlem: 37650 ISK/person (ca. 3000 NOK)
Avslutningsfest laurdag: pris kjem snart.
Skuleovernatting på Dalskoli:
- 2200 ISK per natt (ca. 180 NOK)
- Luftmadrass kan leigast rimeleg
Måltidsprisar for mat servert på skulen:
- Frukost: 2000 ISK (ca. 160 NOK)
- Lunsj: 2900 ISK (ca. 230 NOK)
- Middag: 3400 ISK (ca. 270 NOK)
Meir informasjon om alle prisar finn du på denne sida.
Program
ISLEK skjer måndag-sundag, og har mykje spennande program! Heile programmet slik det ser ut per dags dato finn du på heimesida til arrangøren her. Meir detaljar kjem etter kvart. Det blir også konsertar og kurs.
- Måndag 14. juli - Overnatting på skulen opnar + middag
- Tysdag 15. juli - Utflukter, draktutstilling åpnar, dans og musikk på torvet, åpning av stemnet og nordisk danseaften
- Onsdag 16. juli - Forelesning om islandsk musikk og drakter, fridans og framsyningar, nordisk danseoppvisning, dansekveld og nattdans
- Torsdag 17. juli - Utflykter, nordisk sangaften, nordisk dansekveld og nattdans
- Fredag 18. juli - Spelkurs, dans i byen, framsyningar, nordisk dansekveld, nattdans
- Laurdag 19. juli - Historiske dansar, ball, samspel/allspel, framsyningar, avslutning med festtog og dansefest
- Sundag 20. juli - heimreise
Vil du leie dans, song eller spel?
Noreg har ansvar for fleire økter med leia dans, song eller spel under festivalen og har alltid behov for instruktørar og musikarar som ynskjer å hjelpe til. Vil du bidra? Kontakt gjerne ein i utvalet eller oss på kontoret, solveig@ungdomslag.no.
Vil gruppa di opptre i bybildet med dans eller musikk?
Tysdag, onsdag og fredag kan dansarar og musikarar opptre i Reykjavik sentrum, Hafnarfjördur eller på Torget utanfor biblioteket i Ulfarsardalur. Meld dykk på til islek2025@gmail.com med informasjon om gruppa (lengde på program, størrelse på gruppa og tal musikarar).
Spele til dans?
Musikarar oppmodast til å melde seg til å spele til Nattdans om kveldane.
Det blir også mange moglegheiter for bukspel.
Onsdagskvelden kl. 23. vil det bli ei felles dansespeling for alle musikarar som vil der vi speler samspellåtar frå tidlegare NORDLEK og ISLEK.
Utflukter
Det er lagt opp til mange fine utflukter undervegs i festivalen, som du kan delta på dersom du ynskjer. Tysdag og torsdag er dagane for utflukter. Trykk deg inn på denne sida for å lese meir om dei.
Overnatting og arena
Det er moglegheit for overnatting og fullkost på Dalskoli som har ein stor matsal der alle måltid vert servert.
Overnattinga skjer på flatseng i klasserom. I utgangspunktet tek alle med seg eiget utstyr for å sove i, slik som madrass, pute og dyne med sengetøy. Arrangøren skriv at det vil bli moglegheit for å leige luftmadrass til ein rimeleg pris.
Kjem du med bobil? Då er det mogleg å stå parkert utanfor skulen og få tilgang på straum.
Her i området er det også fleire lokaler til dans og musikk. I området er det mellom anna kulturhus og symjehall med basseng, badstove, jacuzzi og sklie, samt ein idrettshall. Stor parkeringsplass ved skulen.
Dalskoli er plassert 9km frå Reykjavik sentrum og 53km frå flyplassen.
Hotell og vandrarheim
Det finst også mange moglegheiter for hotell, hostel, camping og vandrarheimar mellom 5-10km frå stemneområdet og Dalskoli. Sjå nokre tips på denne sida.
Airbnb kan også vera eit godt alternativ. Det finst fleire hus og leiligheiter til leige i området. Søk gjerne i området Mosfellsbær eller Ulfarsardalur.
Mat
Frukost, lunsj og middag kan bestillast i påmeldinga og vert servert på skulen under heile festivalen. Sjå lenger opp på sida for prisar, og klikk deg inn på denne sida for å sjå menyen.
Reise til Island
Fly
Frå Noreg flyr mellom anna SAS, Norwegian og Icelandair med direkteavganger Oslo-Reykjavik, som tek i underkant av 3 timar. Icelandair har også direkteavganger frå Bergen i sommarsesongen. I tillegg finnest det nokre avganger med mellomlanding. Det er lurt å bestille reise i god tid for beste prisar og sikra plass på ønska avgang.
Med båt
Ynskjer du å oppleve meir av Island når du fyrst tek turen? Då kan vi anbefale å ta med bil på båten, Norröna , frå Danmark eller Færøyene til Seydisfjordur. Dette er andre sida av Island for Reykjavik, og du kan køyre rundt på øya for å oppleve mykje fint. Køyreturen Seydisfjordur-Reykjavik tek ca. 8-9 timar i eitt strekk.
Avstander på Island
- Frå flyplassen er det 53 km til Dalskóli
- Flybussen frå flyplassen til Reykjavik sentrum kostar 4000 ISL kroner
- Vidare kan du ta buss nr 15 til Úlfarsá
- Frå Úlfarsá tek det 20 min. (1,5 km) å gå til skulen
Arrangøren kan ordne med transport for grupper frå flyplassen til skulen på forespørsel mot ekstra kostnad. Ta kontakt med oss islek2025@gmail.com.
Les meir om reise her.
Arrangør av ISLEK2025
Bendt Pedersen leiar i Reykjavik folkdansforening
Lilja Petra Ásgeirsdóttir, kontaktperson
E-post: ISLEK2025@gmail.com
Bli med til Island
ISLEK er eit eineståande intimt stemne for nordisk kultur. No kan du bli med å feire 50-årsjubileum av ISLEK på Island i juli 2025!
Det nordiske folkedans- og folkemusikkstemnet ISLEK2025 går føre seg 14.-20. juli 2025 i Úlfarsárdalur, Reykjavík. Stemnet er for alle medlemmer i Nordlek (Noregs Ungdomslag), i tillegg til andre interesserte i nordisk folkekultur.

Samarbeidsorganisasjonen Nordlek er ansvarleg arrangør av ISLEK
Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek
Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
Bondeungdomslaget i Tromsø
Barneinstruktørkurs i folkedans (Tromsø)
BUL Tromsø, Richard Withs plass 2, 9008 Tromsø.
- 500,-/1000,-
- Folkedans
FolkLeiarUng - andre samling
Oslo
- 500,- for laga
- Folkedans
Dansens dager
Heile landet