Personvern
Noregs Ungdomslags personvernerklæring
Om informasjonskapslar
Informasjonskapslar er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskinen din kvar gong du besøkjer nettstaden. Informasjonskapslar blir ofte nytta som støtte for funksjonar på nettstaden, men òg for å samle informasjon til eigaren av nettstaden. Denne informasjonen blir brukt for å lage rapportar og forbetre nettstaden. Me lagrar aldri informasjon som kan brukast til å identifisere deg personleg.
Noregs Ungdomslag sine nettsider og bruk av informasjonskapslar
Noregs Ungdomslag sine heimesider skal fungere slik at lagra søk eller bruk av informasjonskapslar ikkje direkte kan knytast til ein person.
Me bruker analyseverktøyet Hotjar for å få innsikt i brukarnes behov på nettsida vår. Dette gjer oss i stand til å optimalisere brukarnes oppleving av sida. Me ser mellom anna på kor mykje tid brukarane er på kva sider, kva lenker dei vel å trykke på, og kor langt brukarane skrollar på nettsidene. I tillegg blir Hotjar brukt for innsamling av svar på spørjeundersøkingar.
IP-adressa blir brukt for å fastsetje kva land brukaren er i, og blir lagra i anonymisert form på Hotjar sine serverar.
Hotjar lagrar informasjon om brukarane i ein anonymisert brukarprofil. Verken Noregs Ungdomslag eller Hotjar vil bruke denne informasjonen til å identifisere brukarar.
Du kan lese meir i Hotjar sine retningsliner for personvern.