Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Rettleiing

Å drive lokallag

Det finst ikkje noko standardoppskrift på korleis ein kan og bør drive eit ungdomslag. Det viktigaste er at medlemmane alltid har siste ordet. Det er medlemmane som gjennom årsmøtet vedtek arbeidsprogram og budsjett, godkjenner årsmeldingar og rekneskap, fastset kva politiske standpunkt ungdomslaget skal ta, og som vel kven som skal styre laget.

To personar tar imot betaling på dansefest, mange dansarar i bakgrunnTo personar tar imot betaling på dansefest, mange dansarar i bakgrunn

Kvart ungdomslag har lover eller vedtekter som medlemmane har bestemt, som fortel kva føremålet til laget er og som legg rammene rundt engasjementet og aktiviteten i laget.

Nyttige dokument for deg som er tillitsvald

  • Årsmelding skal leggast fram for årsmøtet i laget. Oppsummerar aktiviteten og engasjementet i laget det føregåande året.
  • Rekneskap frå føregåande år som er godkjent av revisor skal også leggast fram og godkjennast av årsmøtet.
  • Arbeidsprogram eller arbeidsplan blir vedtatt av årsmøtet og fortel kva område og aktivitetar ungdomslaget skal jobbe med det kommande året.
  • Budsjett blir vedtatt av årsmøtet og set økonomiske rammer for aktiviteten og engasjementet i laget det kommande året.
  • Fråsegn (resolusjon/uttale) blir vedtatt av årsmøtet eller styret i laget og tar ofte for seg kva standpunkt laget tar i ei politisk sak.
  • Ungdomslaget har gjerne også andre styringsverktøy som prinsipprogram, langtidsprogram og styringsføresegner.

I laget sit det eit styre som er valt av årsmøtet. Eit vanleg styre er samansett av leiar, nestleiar, kasserar, skrivar, studieleiar og gjerne andre personar som har ansvar for eit spesielt arbeidsfelt. Å bli samde om kva hovudoppgåver kvar enkelt styremedlem skal ha, er eit godt tips for at styret skal fungere godt. Har alle like stort ansvar for kvar einaste oppgåve, blir ofte ingenting gjort.

Årshjulet er eit godt verktøy for eit ungdomslag. Her kan laget skrive inn viktige gjeremål og aktivitetar for åra som kjem.

I januar kallar vi inn til årsmøte, og valnemnda og styret førebur seg på dette. Denne månaden startar kanskje aktiviteten opp i dansegruppa og i ungdomsklubben. I februar blir årsmøtet halde, og første møtet i det nye styret og i nemndene. I mars startar gjerne førebuingane av program til 17. mai. I april og mai er det dugnad i ungdomshuset og så bortetter. Blir alle kjent med årshjulet blir det lettare å planlegge heile året og sjå samanhengane mellom ulike aktivitetar.

Gjennom å ta verv i eit ungdomslag, får du ei unik opplæring i demokrati, leiing og prosjektstyring og får vere med på å skape levande lokalsamfunn.

Fleire rettleiingar

Renovering av eit ungdomshusRenovering av eit ungdomshus
Rettleiing

Økonomi

Korleis søke tilskot?

Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Rettleiing

Lov for fylkeslaga

Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 blei det vedteke nye mønsterlover for fylkeslag, og desse blei noko justert på landsmøtet i 2012 og 2016.