Hopp til hovedinnhold

Levande kulturarv

§ 1 Føremål
Noregs Ungdomslag skal gjennom folkelege kulturaktivitetar skape engasjement og levande lokalmiljø.

Arbeidet med levande kulturarv har vore kjernen i Noregs Ungdomslag heilt sidan stiftinga av organisasjonen. Våre lokallag er med på å ta vare på kunnskapen om ulike folkelege tradisjonar, som dans, amatørteater, tradisjonshandverk, rituale og arrangement.

Gjennom folkelege kulturaktivitetar jobbar våre lag og medlemmar, både bevisst og ubevisst, med å ta vare på den levande tradisjonskulturen.

To unge jenter dansar folkedans i Trollsalen på Hunderfossen Eventyrpark.To unge jenter dansar folkedans i Trollsalen på Hunderfossen Eventyrpark.

Kva er levande kulturarv?

Levande kulturarv, også kalla immateriell kulturarv, er levande tradisjonar og tradisjonell kunnskap som blir overført frå ein generasjon til den neste.

At kulturarven er levande betyr at den blir praktisert i dag og er ein aktiv del av tradisjonen i ei gruppe, eit område eller eit land. Kunnskapen om den levande kulturarven blir lært vekk gjennom bruk og utføring av kulturarven. Ofte er det dei eldre generasjonane som lærer vekk til dei yngre. Eksempel på levande kulturarv er handverk, musikk, dans, mattradisjonar, rituale og munnlege forteljingar.

Les gjerne meir på Kulturdirektoratet sine sider eller finn eksempel på denne sida om immateriell kulturarv. Der kan du også sende inn ditt eige eksempel.

Bilde av vevstol med åklede/teppe. Bilde av vevstol med åklede/teppe.
2021_Vevstol_UL Fram Lavangen
Leiar Torbjørn B. Lauen og generalsekretær Magni H. Flyum står foran flaggrekke på Unesco-møte i MarokkoLeiar Torbjørn B. Lauen og generalsekretær Magni H. Flyum står foran flaggrekke på Unesco-møte i Marokko
2022_Leiar Torbjørn B. Lauen og generalsekretær Magni H. Flyum på Unesco-møte i Marokko_NU

NU og Unesco

UNESCO er FN sin organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ekspertorganisasjon (Non-Governmental Organisation - NGO) i UNESCO.

Dei godkjende ekspertorganisasjonane har ei rådgjevande rolle i arbeidet med å ta vare på kulturarven. Vedtak om godkjenning av Noregs Ungdomslag som ekspertorganisasjon, vart gjort av generalforsamlinga i UNESCO-komiteen for vern av immateriell kulturarv i juli 2022.

NU er ein del av eit nettverk av norske NGO'ar. Det er til saman åtte akkrediterte ekspertorganisasjonar i Noreg og NU har allereie eit godt samarbeid med fleire av dei. Informasjon om dei norske ekspertorganisasjonane kan du finne på UNESCO sine nettsider.

Les meir om levande kulturarv i Noregs Ungdomslag

Samarbeidspartnarar

  • Logo ICH NGO ForumLogo ICH NGO Forum

    Besøk nettsiden til ICH NGO Forum

    Noregs Ungdomslag er del av det internasjonale nettverket ICHNGO-Forum. Det er eit nettverk for ikkje-statlege organisasjonar (NGO) som er akkreditert av UNESCO og som arbeidar for å ivareta immateriell kulturarv.

  • Logo for UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarvLogo for UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv

    Besøk nettsiden til UNESCO

    FNs organ for kultur- og utdanningssamarbeid. Noregs Ungdomslag er akkreditert som ekspertorganisasjon innan UNESCOs konvensjon for vern av immateriell kulturarv.

  • Logo FN-sambandetLogo FN-sambandet

    Besøk nettsiden til FN-sambandet

    FN-sambandet blei stifta i 1946, og er ein norsk organisasjon med føremål å informere om FN og FNs arbeid. Noregs Ungdomslag er medlemsorganisasjon i FN-sambandet.

Aktuelt

Sjå alle

Fleire fagfelt