Støtte til nytt prosjekt: "Sy bunaden sjølv!"
Det er med stor glede og entusiasme vi kan dele nyheita om at vi har fått tilsegn frå Sparebankstiftelsen DNB på 500 000 kroner til å starte opp eit nytt bunadsprosjekt i Noregs Ungdomslag. Gjennom prosjektet Sy bunaden sjølv! vil vi at fleire skal få kunnskap om og ferdigheiter i å sy sin eigen bunad.

Bunad har vore eit heitt tema i NU dei siste åra, og spesielt like før jul 2024 i samband med innskrivinga av Bunadbruk i Noreg – tradisjonshandverk og sosial praksis. Gjennom vårt engasjement for bunadsarbeid opplever vi at det er ei auka interesse for handverket, plagget og kunnskap om historia. Spesielt hos yngre har det også dei seinaste åra vore ei aukande interesse for handverk generelt.
Sy di eiga skjorte
Første del av prosjektet Sy bunaden sjølv! er kurs i skjortesaum. Mange har kanskje eit ønskje om å lære seg korleis man kan sy eigen bunad og skjorta er ein fin plass å starte. Skjorta er kanskje også den delen av bunaden som flest har behov for å skifte ut eller reparere på eit tidspunkt etter mykje bruk. Då er kunnskap om korleis ta mål, snitt, klippe opp, sy saman og brodere på detaljar veldig nyttig.
Prosjektet legger opp til deltaking av ei gruppe unge deltakarar som ønskjer å lære seg denne ferdigheita, men vi skal også lage til kursopplegg som skal bli tatt i bruk ute i lokallaga. Målet er at mange lokallag etter kvart skal arrangere kurs i skjortesaum og gjerne også tilpasse kursopplegget til lokale skjortetypar i staden for å sy generisk skjorte.

Neste steg: heile bunaden
Det er flott å ha bunadsskjorta på plass, men skjorta gjer seg aller best når ho får vere inni ein bunad. I samarbeid med Heimen Husfliden, som eiger mønsteret til Hulda Garborg-bunaden, ein kopi av Hulda Garborg sin eigen bunad som står på Det Norske Teatret, kjem prosjektet etter kvart til å tilby opplæring i plattsaum og sauming av denne bunaden.
Hulda Garborg vart utnemnd som heidersmedlem i Noregs Ungdomslag i 1921 for hennar utrøyttelege arbeid for folkedans, teater og bunad gjennom organisasjonen og elles. Ho blir reikna som ein pioner innan bunadsarbeid og jobba mellom anna for at folk skulle sy sine eigne bunadar. Det er difor heilt naturleg at vårt nye bunadsprosjekt handlar om nettopp dette. Å sy bunaden din sjølv.
Tusen takk til Sparebankstiftelsen DNB som har trua på tradisjonshandverk, kunnskapsoverføring og bunadsprosjektet vårt!

