Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2025Utvida påmeldingsfrist: 4. april Les meir her

Møte

Landsmøte 2025

Velkomen til Noregs Ungdomslag sitt landsmøte. Sjølve møtet finn stad 26. og 27. april, men det for dei som kjem til hovudstaden allereie fredag 25. april er det og planlagt kjekke ting å gjere då!

  • Dronning Eufemias gate 4
  • Informasjon om prisar finn du lengre ned
Votering under landsmøte. Deltakarar held gule voteringslappar med tal på i lufta.

Ordinær påmeldingsfrist var 27. mars, men for at fleire lag skal få moglegheit til å melde på sine utsendingar har vi utvida fristen til 4. april.

---

Vi legg opp til ei helg med gode diskusjonar, fagleg påfyll og sosiale opplevingar. Gjennom helga skal vi få eit innblikk i mangfaldet i organisasjonen, og inspirasjon til godt ungdomslagsarbeid gjennom organisastorisk sirkeltrening.

Det er mykje som skjer i Oslo denne helga, og vi har valt å inkludere noko av det i vårt program. FolkOrg har også årsmøte denne helga, og vi har felles program med seminar og dans fredagen kveld for dei som ønskjer å vere med på det.

Laurdag finn eit av dei største arrangementa i eitt av lokallaga stad midt i Oslo sentrum. BUL Oslo arrangerer Sentrumsløpet, og vi har funne plass i programmet dersom nokon vil springe 5km-løypa laurdag ettermiddag. Om du ikkje vil springe sjølv er eit godt høve til å sjå på folkelivet og kanskje heie på nokre kjende.

Som om ikkje dette var nok, er det Dansen dager denne helga, og vi nyttar høvet til å markere dette og å feire at folkedansar Silje Onstad Hålien er årets ambassadør og har korreografert årets dans med element frå halling, ril og anna pardans. Du kan også ta turen på Blodklubb på Riksscenen laurdagskvelden/-natta etter festmiddag!

Du finn alltid det nyaste informasjonen om helga under her.

Sakspapira til landsmøtet 2025

Sakspapira til landsmøtet er klart, og alle lokallag og fylkeslag om deltek skal ha fått tilsendt sakspapira på mail.

Under finn de sakspapir til landsmøtet i Noregs Ungdomslag. Rekneskap 2024, med revisjonsmelding og prosjektrekneskap 2024 ligg ved som eigne filer.

Dette er sakspapira til landsmøte:

Årsmeldingsmagasinet

UNGDOM medlemsblad og årsmelding 2024 er no tilgjengeleg i web-versjon, og kjem i posten til alle medlemmar over 14 år.

Klikk her for å lese Årsmeldingsmagasinet.

Biletet viser to unge jenter i setesdalsbunad som danser arm i arm.
NORDLEK 2024. Foto: Kulturfotografen AS/Thor Hauknes

Fullmaktsskjema

Lokal- og fylkeslag som ønskjer å delta på landsmøtet, må fylle ut fullmaktsskjema for å stadfeste kven som har fått fullmakt til å representere laget på møtet. Fullmaktsskjema finn du her.

Gjeng som sitt i landsmøtesal med røystesetlar som er gule, de held dei i lufta.
Menneske sitt på rekke og rad i landsmøtesal.

Påmelding av utsendingar

Meld på laget sine utsendinger her. Frist for påmelding av utsendingar er 27. mars.

I dette skjemaet finn du og påmelding til seminar fredag og Sentrumsløpet laurdag. Seminara og festmiddag på laurdag treng ikkje eiga påmelding.

Prisar

Landsmøte: 2800,- (Inkluderer deltaking i landsmøte, møterom, seminarar, lunsj, festmiddag, kaffi og snacks).
Overnatting enkeltrom: 1600,- per natt
Overnatting dobbeltrom: 1250,- per natt per pers

Laga kan få tilsendt faktura, betale med kort eller Vipps.

I tillegg vert laga fakturert for reiseutjamning i etterkant av arragementet slik at reisekostnadene mellom laga blir jamna ut slik det står i §4 i styringsføresgnene til Noregs Ungdomslag.

Program

Med atterhald om endringar

Fredag 25. april

18:00 – 19:30 Vær velkomen med Buskerud Teater

📍 Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

20:00 – 21:00 Rekruttering og inkludering i lokallaga - Korleis få til både inkluderende og rekrutterande aktivitet i danselaget/spelmannslaget

📍 Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

21:00 Dansefest

📍 Bygdelagssamskipnaden, Nordahl Bruns gate 22

Laurdag 26. april

09:00 – 11:00 Registrering

📍 Thon Hotel Opera

09:30 – 10:30 Kurs og seminar

📍 Thon Hotel Opera

  • Grafisk profil og nettsider
  • Forsmak på sommarleir
  • Samling for fylkeslagsleiarar

11:00 Opning av landsmøte

📍Thon Hotel Opera, Flagstadsalen

13:00 – 14:00 Lunsj

📍Thon Hotel Opera

14:00 Landsmøte forsett med organisatorisk sirkeltrening

📍Thon Hotel Opera, Flagstadsalen

17:15 Sentrumsløpet

📍Oslo Sentrum

5km start (ikkje inkludert i landsmøteprisen, 600kr ekstra)

19:00 Festmiddag med prisutdeling og underhaldning

📍 Thon Hotel Opera

Kleskode: pent, gjerne bunad om du har

Sundag 27. april

09:00 Landsmøte startar for dagen

📍Thon Hotel Opera, Flagstadsalen

13:00 Lunsj

📍Thon Hotel Opera

14:00 Landsmøte forsett etter lunsj

📍Thon Hotel Opera, Flagstadsalen

15:00 Takk for no og vel heim

Dansens dager

I løpet av helga kjem vi og til å feire Dansen dager. Årets Dansens dager-dansen er ein folkedans koreografert av Silje Onstad Hålien. Ho er årets ambassadør for dansens dagar og vi er så glade for at vi endeleg har fått folkedans på agendaen!

Les meir her.

Her kan du melde på utsendingar til landsmøtet:

Fleire arrangement

Sjå alle
Arrangement
  • Folkedans

Dansens dager

Heile landet

Leir
  • Folkedans,
  • Teater,
  • Levande kulturarv,
  • Bunad og handverk

Sommarleir 2025

Sunnmøre folkehøgskule, Ulsteinvik

  • 2200,- for medlemmar
Festival
  • Folkedans

ISLEK 2025

Úlfarsárdalur, Reykjavík, Island

  • 35 000 Islandske kroner (ca. 2800 NOK)