Hopp til hovedinnhold

Om oss

Noregs Ungdomslag er ein kulturorganisasjon med føremål om å skape engasjement og levande lokalmiljø gjennom folkelege kulturaktivitetar. Organisasjonen vart stifta i 1896, og vi har i dag om lag 14 000 medlemmar og vel 310 lokallag rundt om i heile landet.

Vi har eit ansvar for å ta vare på og stadig aktualisere den tradisjonelle folkekulturen. Dette gjer vi for å styrke lokalsamfunna over heile landet. Medlemmene våre får høve til å utøve både tradisjonelle og nye kulturuttrykk, samtidig som dei lærer å organisere aktivitetane. Med det styrker vi òg samfunnet og demokratiet.

Samarbeidspartnarar

NU er stolte over å samarbeide med ei rekkje organisasjonar og institusjonar som deler engasjementet vårt for ungdom, kultur og samfunnet. Desse samarbeida styrkjer arbeidet vårt og bidrar til å utvide moglegheitene for medlemmane våre.

Nordisk flaggborg på Havleikur 2022 på Færøyane
To personar sitter i registreringa på sommarleiren 2022

Kontakt oss

Lurer du på om eit medlemskap i NU kan vere noko for deg, eller har du eit anna spørsmål? Då er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt.

Aktuelt

Sjå alle

Styringsdokument

Politiske ressursar

Protokollar