Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Folkedans

Noregs Ungdomslag har gjennom tidene vore ein viktig pådrivar for den norske folkedansen og folkemusikken. Mange av våre lag og medlemmar driv med opplæring og formidling innan fagfeltet, med alle undersjangrane slik som turdans, bygdedans, runddans osb.

NU tilbyr mellom anna opplæring av instruktørar, produserer opplæringsfilmar, arrangerer ulike kurs, sommarleir for unge, lager møteplassar på tvers av generasjonar, jobbar politisk for folkedansen og samarbeider med mange andre aktørar på feltet, både nasjonalt og internasjonalt.

Folkedans og folkemusikk er ein viktig del av den immaterielle kulturarven som vi kvar dag jobbar for å vidareføre, formidle, ta vare på og utvikle.

Eit ungt par dansar i bunad på landsmøtefesten til Noregs UngdomslagEit ungt par dansar i bunad på landsmøtefesten til Noregs Ungdomslag

Om norsk folkedans

Forskarane reknar med at vi har seks hovudgreiner av folkedansar i Noreg: bygdedans, runddans/gammaldans, turdans, songdans, songleik og 1900-talsdans. Noregs Ungdomslag arbeider som den einaste organisasjonen i landet fagleg og politisk med alle desse danseformene.

Ungt par dansarUngt par dansar
Bilde av ei gruppe barn og ungdom som står i ringBilde av ei gruppe barn og ungdom som står i ring
Foto: Lukasz Zamaro

Folkepedia

Folkepedia er eit satsingsprosjekt starta av Noregs Ungdomslag i 2016, der vi lagar opplæringsfilmar innanfor folkedans. Det er barn og unge som viser fram og forklarer dansane i filmane, og hovudmålgruppa er òg barn og unge. Filmane kan brukast av alle.

Kurs og opplæring

Ynskjer de å arrangere eit kurs lokalt i ungdomslaget, t.d. i ein bygdedans, for å rekruttere fleire medlemmer, eller med fordjuping i ein spesifikk dans? Då kan gjesteinstruktørordninga vere aktuell å søke på (frist 1. mai og 1. november).

Vil du bli folkedansinstruktør, få nytt fagleg påfyll og utveksle erfaringar med andre? Då kan du delta på instruktørkurs i folkedans som arrangerast ulike stader i landet omkring fire gonger i året.

Sommarleiren kan ungdom i alderen 13-26 år vere med på ulike kurs i folkedans og folkemusikk. Her møter ein ungdom frå heile landet som er interessert i dans, musikk, teater, organisasjon, handverk mm.

DanseparDansepar

Bli med på NORDLEK

16.-21. juli 2024 arrangerast eit stort nordisk folkedans- og folkemusikkstemne i Arendal. Her finn du relevant informasjon om stemnet.

Relevante dokument

Samarbeidspartnarar

  • Logo Norsk senter for folkemusikk og folkedansLogo Norsk senter for folkemusikk og folkedans

    Besøk nettsiden til Norsk senter for folkemusikk og folkedans

    Norsk senter for folkemusikk og folkedans er et ledende kompetansesenter for folkemusikk og folkedans, og vi arbeider for å fremme, verne, og videreføre norske folkemusikk- og folkedanstradisjoner. Tidlegare kjend som Rådet for folkemusikk og folkedans. Noregs Ungdomslag er med i representantskapet.

  • Logo Forbundet NordlekLogo Forbundet Nordlek

    Besøk nettsiden til Forbundet Nordlek

    Forbundet Nordlek er eit nordisk samarbeidsorgan som arbeider for å fremje den tradisjonelle nordiske folkekulturen. Forbundet har røtter i dei store nordiske folkedansstemna som har vore arrangert sidan 1920, og skipar i dag til NORDLEK og BARNLEK kvart tredje år i tillegg til mindre stemne som Havleikur, Isleik, Grønlek, Ålek, og Nordiske Folkekulturkongressar. NU har vore med heilt frå starten, og er einaste norske medlemsorganisasjon.

  • Logo Stiftinga Hilmar AlexandersenLogo Stiftinga Hilmar Alexandersen

    Besøk nettsiden til Stiftinga Hilmar Alexandersen

    Stiftinga Hilmar Alexandersen er ei ideell stifting som skal vere ein arena for å fremje tradisjonskultur og kultur som næring. Stiftinga har som formål å gjennomføre ein årleg folkemusikkfestival med konsertar, kurs og andre aktivitetar knytt til tradisjonsmusikk, -song og –dans. Noregs Ungdomslag er medstiftar.

  • Logo for UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarvLogo for UNESCOs konvensjon om immateriell kulturarv

    Besøk nettsiden til UNESCO

    FNs organ for kultur- og utdanningssamarbeid. Noregs Ungdomslag er akkreditert som ekspertorganisasjon innan UNESCOs konvensjon for vern av immateriell kulturarv.

  • Logo Norsk FolkemusikklagLogo Norsk Folkemusikklag

    Besøk nettsiden til Norsk Folkemusikklag

    Norsk folkemusikklag (NFL) har som føremål å fremja forsking, dokumentasjon og formidling av kunnskap om folkedans og folkemusikk. Noregs Ungdomslag er medlem i Norsk Folkemusikklag.

  • Logo FolkOrg

    Besøk nettsiden til FolkOrg

    FolkOrg - Organisasjon for folkemusikk og folkedans har som føremål å arbeide for folkemusikken og folkedansen i Noreg ved å styrkje deira rolle og vilkår i samfunnet, og med det fremje både kulturarv og god folkehelse. NU og FolkOrg samarbeider på mange område for å styrke folkedansen og folkemusikken i Noreg.

Anbefalt lesing

Sjå alle
Eit knippe bunadkledde damer, omringa av kvinner frå ulike deler av verda, i sine folkedrakterEit knippe bunadkledde damer, omringa av kvinner frå ulike deler av verda, i sine folkedrakter

Bunadbruk er no på UNESCO-lista!

Den 5. desember 2024 vart bunadbruken i Noreg innskriven på UNESCO si representative liste over immateriell kulturarv. Omringa av eit fargerikt fellesskap med representantar frå alle kantar av verda, fekk bunaden skine i sentrum av det heile då det i dag vart offentleggjort på UNESCO sitt 19. internasjonale møte for konvensjonen om vern av den immaterielle kulturarven. Tusen takk til alle som har bidratt med innspel, fagkunnskap, erfaring og engasjement!

9. desember 2024

To jenter som blåser såpebobler mot kamera, det er solTo jenter som blåser såpebobler mot kamera, det er sol

Årsrapport 2023: Tradisjon, dugnad og danseglede i eit heilt land

2023 har vore eit år fylt til randen med kultur, samhald og fleire dugnadstimar enn dei fleste tør telje. I kulturhus og ungdomshus, i opplyste gymsalar og klasserom, har har medlemmar i alle aldre dansa, sydd bunadar, vore på kurs, laga teater og fått nye vener. Her er ei oppsummering av dette spennande året, der kvar lokal dansefest og dugnadstimar har spelt ei rolle i å skape levande lokalmiljøe i heile landet.

19. november 2024

Fleire fagfelt