Songdans
Den norske songdanstradisjonen er eit spesielt innslag i norsk tradisjon. Songdansen er på mange vis ei nyskaping, men vann seg likevel rom ved sida av den tradisjonsrike folkedansarven. Rundt hundreårsskiftet fekk populariteten til folkevisene ein oppsving. M.B. Landstad si store folkevisesamling som kom ut i 1853, vart eit nasjonalt klenodium. Noregs første professor i folkeminnevitskap, Moltke Moe (1859-1913), restituerte mange av folkevisene og heldt førelesningar om dei og songaren Thorvald Lammers, som var ein av dei leiande i norsk musikkliv som tok opp folkeviser i konsertprogrammet sitt.
Hulda Garborg vart kjent med folkevisene gjennom forelesingane til Moltke Moe og konsertane til Lammers. Men i norskdomskrinsar i hovudstaden, mellom anna i Bondeungdomslaget (skipa i 1899), fanst det folk med kvedartradisjon frå heimbygdene sine, og folkeviser vart òg sunge unisont på møte og samlingar.
Gjennom Moltke Moe fekk Hulda Garborg vite at ein dansa til slike viser på Færøyane og at ein truleg også hadde gjort det i Noreg i mellomalderen. Dette la grunnen for ideen om ein norsk songdans.
Med utgangspunkt i ei skildring av færøydansen, skrive av den danske folkemusikkforskaren Hjalmar Thuren, synte Hulda Garborg og ”7-8 kvende i brikjande nasjonalbunader” fram Knut Liten og Sylvelin,Per Spelmann og Tosten tala med staven sin 7. mars 1902. 5-600 publikumarar var i salen, mange måtte stå att utanfor.
Songdans fenga som eld i tørt gras, og vart veldig populært i landet. I samarbeid med Klara Semb, utvikla dei den norske dansemåten i songdansen og brigdet, og i 1922 gav Klara Semb ut første utgåve av rettleiingsboka Norske folkedansar.
Fram til 60-åra var Klara Semb den leiande på songdansen. Først i 1970 kom Egil Bakka ut med boka Danse, danse lett ut på foten med 17 songdansar, og i 1982 kom Danse mi dokke av Tor Stallvik. Den siste boka representerer dessutan noko nytt: Ein lokal songdans, der visene er henta frå same distrikt og der dansemåtane er inspirerte av den lokale dansetradisjonen. Geir Egil Larsen formulerte ut denne tanken og gav i 1984 ut samlinga Trønderviser med i alt 21 dansar og med ei innleiing om lokal songdans. Etter det har det kome fleire utgivingar med lokale songdansar og andre lokale danseformar.
(Kjelder: Norske folkedansar - songdansar.)
Songleik
Det er to hovudgreiner av songleiken; den som barna leiker aleine og som har vore aller mest brukt av småjenter i byane, og den som ungdom og vaksne særleg brukte i bygdemiljø. Songleiken som barna bruker når dei er for seg sjølve, er på mange vis ein motkultur til vaksenverda. Desse songleikane har hatt sterkast rot i byane, men finst i dag overalt og er ofte å finne i skolegarden.
Også dei vaksne har dansa songleik, sjølv om det ikkje er så vanleg no lenger. Han vart brukt på juletrefestar, i mange lag og organisasjonar, på stader der ein ikkje fekk danse, og ofte mellom ungdom ute når dei ikkje hadde musikk.
Mange songleikar kom truleg med organisasjonslivet ved hundreårsskiftet, men enkelte er nok mykje eldre. Dei same leikane går igjen i variantar over heile Norden, og dei er ofte språkleg prega av det.
(Kjelde: Grunnbok i folkedans.)
1900-talsdans
Swing kom frå USA til Noreg på 1950-talet og spreidde seg over det meste av landet på få år. Det utvikla seg lokale variasjonar både når det gjeld motiv, kombinasjonar av. motiv, stegmønster, stil og også lokalt namn.