Hopp til hovedinnhold

Historia om folkedans i Noregs Ungdomslag

Hulda Garborg var opphavet til ei av dei sterkaste uttrykksformene i ungdomslaga og NU: folkedansen. Dansen lanserte ho første gongen på ein marknad i regi av Bondeungdomslaget i Oslo i mars 1902, og interessa var så god at ho same året drog til Færøyane for å lære om folkevisedansen der. Seinare samarbeidde ho mykje med Klara Semb (1884–1970) om utviklinga av ein eigen norsk folkedansetradisjon. Også Semb besøkte Færøyane. Ho gav ut fleire opplæringsbøker for dansen og reiste mykje rundt og dreiv opplæring.

Før songdansen kom, var runddans (gammaldans) vanleg i ungdomslaga. Etter press frå folkeviseleikarane innførte NU i 1917 forbod mot runddans på lagsmøta i organisasjonen. Noko av bakgrunnen for dette låg nok i at runddansen var knytt til dansefestar med alkoholbruk og fyll. Folkedansen hadde ikkje det same ryktet.

Samtidig med at det vart satsa på folkedansen, kom òg folkedraktene – bunaden, meir og meir i bruk som festdrakter frå og med hundreårsskiftet. Også på dette området var Hulda Garborg og Klara Semb pionerar. Garborg forma ut ein bunadstype som vart svært populær over heile landet, og som i dag berre går under namnet «Hulda Garborg-drakt».

Hovudpoenget for Garborg var ikkje å ta vare på dei gamle kledetradisjonane, og ho la stor vekt på å komponere plagg som passa inn i tida. Klara Semb hadde ei heilt anna haldning til dette – ho arbeidde for å få inn meir tradisjonelle kjenneteikn og fjerna mykje av dei moderniserte mønstra.