Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Styringsdokument

Folkedansstrategi

Fastsett av styret 14.03.2021.

Noregs Ungdomslag (NU) skal sikre vidareføring av den immaterielle kulturarven gjennom meir folkedansaktivitet i heile Noreg

Strategien bør jamleg takast opp og kan gjerne reviderast etter som det vert aktuelt.

Folkedans i NU - ei satsing på det faglege og det sosiale

  • NU skal gjennom norsk folkeleg dans skape engasjement og levande lokalmiljø
  • NU skal få fleire i Noreg til å bli kjend med og utøve den norske dansetradisjonen
  • NU skal arbeide for å auke den lokale danseaktiviteten i heile landet
  • NU skal arbeide for fleire dansefestar og møteplassar for folkedansen
  • NU sin folkedansprofil er frilyndt, mangfaldig og inkluderande med eit dansegolv som er ope for alle
  • NU skal løfte den norske folkelege dansen i organisasjonen, det faglege miljøet og i samfunnet generelt
  • NU skal aktivt ta vare på alle undersjangrar innan norsk folkedans

I mange år har dei faste danseøvingane vore målet for folkedansen, men dei siste åra har talet på personar som dansar blitt mindre, laga slit med rekruttering og vi treng no eit nytt løft for å styrke dansen si framtid. NU skal rette fokuset på å gjennomføre fleire dansefestar lokalt, regionalt og nasjonalt. Dansefestar skapar engasjement og levande lokalmiljø der det vert nytta fleire ulike kompetanser innanfor arrangering, dansefagleg kompetanse, gode lokaler/ungdomshus osb. Når dansefestarenaen styrkast trur vi at fleire vil få lyst til å danse og at behovet om øvingar og kurs melder seg i større grad enn det har gjort den siste tida. Gjennom satsinga på dansefestar og sosiale møteplassar skal vi bygge opp mykje anna folkedansaktivitet kring dette.

NU skal løfte den norske folkelege dansen i større grad i organisasjonen, miljøet og i samfunnet. Vi skal sørge for ei styrking av det faglege, ideologiske samt det miljømessige ved folkedansen. NU treng å synleggjere og formidle folkedansen i større grad. NU skal aktivt formidle, vidareføre og ta vare på alle sjangrane som definerast som norsk folkedans. Det er berre vi som nasjonal sentral organisasjon som tek dette ansvaret, og det skal vi ta på alvor.

Ein viktig del av kulturen i NU er det frilyndte, mangfaldige, rause og generøse. Desse kvalitetane skal finnast att på alle våre dansegolv rundt om i landet. NU skal fronte eit mangfaldig dansegolv som er ope for alle, der både nybyrjarar og erfarne får utfolde seg og leike seg med tradisjonsdansen.

Folkedansfaglege møteplassar

Faglege råd

  • NU skal bli fagleg sterkare innad i organisasjon, samt formidle fagleg tyngde utad
  • NU skal utvikle og synleggjere fleire ressurspersonar og førebilete innan folkedans

NU treng å ha eit større fokus på faglegheit, forankre dette i organisasjonen og formidle fagleg tyngde utad. For å sikre ei god fagleg tyngde trengst det fleire ressurspersonar som kan bidra inn i denne utviklinga. Det bør opprettast eit nytt folkedansråd som består av både tilsette og tillitsvalde eller andre ressurspersonar med sterk kompetanse på feltet. Slik sikrar ein kontinuitet, framdrift og at den tilsette rådgjevar alltid har nokon å spele ball med for å utvikle folkedansarbeidet i NU vidare. Dette fagrådet bør ha ei sentral oppgåve i å skipe til eit årleg folkedansforum og idémlydre kring til ei kvar tid aktuelle tiltak og satsingar for folkedansen.

Folkedansforum og folkedansfestar

  • NU skal legge til rette for fleire møteplassar for folkedansen - lokalt, regionalt, nasjonalt og i nordisk samanheng
  • NU skal styrke folkedansfestane som ein viktig arena for sosiale og faglege møteplassar
  • NU skal arbeide for gode forum der folkedansen kan diskuterast og utviklast

NU manglar nasjonale møteplassar der folkedansen kan vera tema for seg sjølv for dei som ynskjer å dykke ned i det faglege i form av seminar, kurs, debattar, foredrag, festar osb. Miljøet og organisasjonen treng fleire folkedansforum og folkedansarena der ein kan diskutere folkedans i lag med likesinna. Folkedansmiljøet manglar også dansefestar der alle folkedanssjangrane er ein like naturleg del av programmet, dette skal NU jobbe aktivt for. Alle danseformene er like viktige å jobbe for. NU skal også jobbe for fleire årlege nasjonale, regionale og lokale arrangement. Når situasjonen rundt COVID-19 gjer at vi igjen kan danse, spele og treffast er det viktig at vi har ein tydeleg plan og satsar på meir dans gjennom å treffast fysisk.

NU skal nytte alle gode høve til å bygge opp folkedanen til ei storsatsing. T.d. når NORDLEK 2024 skal skipast på Agder skal NU jobbe aktivt for gode synergieffektar og moglegheiter for arrangementer både i forkant og i åra etter 10-årets største folkedansfestival i landet.

Nokre tiltak kan mellom anna vere å skipe til nasjonalt folkedansforum, nasjonal festival, barnestemner, familiestemner, samt styrke deltakinga til dei nordiske BARNLEK og NORDLEK-stemna. Det hadde vore ideelt å etter kvart utarbeide ein syklus for ulike folkedansarrangement slik at det vert ein kontinuerleg flyt av nasjonale treff og samlingspunkt for miljøet.

Folkemusikken og -songen

  • NU skal arbeide for gode vilkår for dansemusikken
  • NU skal sette fokus på det tette samspelet mellom musikk og dans samt formidle viktigheita av dette
  • NU skal arbeide for songen som ein viktig del av folkedansen og -musikken, særleg knytt til danseformene songdans, stordans og songleik

Folkemusikken i NU er ein viktig del for å kunne drive med folkedans. Vi skal fortsette å formidle korleis dansen og musikken heng så tett saman i eit gjensidig avhengigheitsforhald med å fokusere på koblinga og samspelet mellom dansen og musikken. Det er dansemusikken som står i hovudfokus hjå NU. I tillegg er songen i songdansen, stordansen og songleiken eit viktig element å jobbe for.

NU bør aktivt løfte fram dei musikarane og spelemannslaga vi har i organisasjonen. I tillegg samarbeider organisasjonen med andre sterke folkemusikkaktørar på feltet etter behov.

Arena og lokaler

  • NU skal arbeide for at det finst tilgang på gode lokaler til danseaktivitet i heile landet
  • NU skal arbeide for at ungdomshusa får midlar til vedlikehald og oppgraderingar
  • NU skal arbeide for at offentlege bygg vert tilgjengeleg og tilpassa danse- og musikkaktivitet

Det er viktig for folkedansen at NU aktivt jobber for gode lokaler til folkedansaktivitet. Har vi ingen stad å vere har vi ingen moglegheit til å utøve, formidle og vidareføre folkedansen. Ungdomshusa er ein viktig møteplass for slik aktivitet. Vi skal arbeide i endå større grad for at husa får midlar til naudsynt vedlikehald og oppgraderingsarbeid. I tillegg skal NU arbeide inn mot offentlege kultur-, idretts- og skulebygg slik at desse er enkelt tilgjengelige for laga utan eigne hus og den aktiviteten dei treng å bruke lokala til. Vi skal arbeide for at lokala får meir fokus på å vere tilpassa danse- og musikkaktivitet med omsyn til golv, akustikk osb. Dette er arbeid vi også vil bruke Kulturalliansen og Studieforbundet kultur og tradisjon aktivt til.

Opplæring, rekruttering og formidling

  • NU skal arbeide for at fleire dansar folkedans, at fleire kan lære bort folkedans og at fleire kjenner til folkedansen

NU har eit heilt spesielt ansvar for og kompetanse innan opplæring av folkedansinstruktørar gjennom instruktøropplæring og andre opplæringsarena. Dette er noko av det aller viktigaste vi gjer som folkedansorganisasjon, eit arbeid som treng kontinuerleg utvikling og forbetring.

Opplæring og kurs

  • NU skal satse på opplæring av danseinstruktørar og vidareutvikle opplæringstilbodet
  • NU skal sørge for ein mangfaldig bruk av ulike instruktørar, syne ulike former for metodikk og pedagogikk, samt sørge for instruktørkurs innan alle folkedansgruppene og aktuelle tema
  • NU skal styrke laga sin tilgang på inspirasjon frå eksterne instruktørar med lokale kurs

NU er ein av få med strukturert og organisert opplæring og aktivitet, dette skal vi styrke endå meir i framtida. NU oppfattar at det framleis er eit stort behov for instruktøropplæring, men få som deltek. Vi bør jobbe for å finne endå betre løysingar på korleis kursa skal foregå slik at dei får best mogleg resultat med fleire personar som kan instruere i alle folkedansformene. Det er også eit særleg behov for at fleire unge utviklar seg som instruktørar. NU har eit ansvar for å formidle ulike tradisjonar, ulike metodiske og pedagogiske vinklingar og fokus. Som ansvarleg for opplæring av komande instruktørar må vi vere vårt ansvar bevisst og sørge for brei variasjon og mangfald i bruk av instruktørar nasjonalt på instruktørkurs, så vel som lokalt på gjesteinstruktørkurs. Framtidas instruktørar skal få mange kjelder og førebilete å hente inspirasjon frå. Laga i NU treng framleis inspirasjon og impulsar utanfrå. Difor er det viktig at vi fortset med gjesteinstruktørkurs lokalt. Denne ordninga bør også styrkast i endå større grad for å kome flest lag til gode.

Folkepedia - framtidas nettressurs

  • NU skal utvikle Folkepedia til å bli framtidas leiande nettressurs og opplæringsverktøy for folkedans og folkemusikk
  • NU skal arbeide for at Folkepedia vert synleg og gjort kjend i skuleverk for lærarar og lærarstudentar

Folkepedia er ei av NU sine største satsingar der vi gjer noko ingen andre gjer. Folkepedia har stort potensiale som bør utviklast til å bli endå større og betre. Folkepedia kan bli framtidas nettressurs som samlar alle norske folkedansar digitalt, formidlar historisk informasjon, metodisk og pedagogisk opplegg og som vil fungere som ein viktig portal for vidareføring og aktiv bevaring av tradisjonane. Folkepedia kan gjerne ha eit større mangfald i uttrykk i dansefilmane ved t.d. å bruke eldre ungdom som dansarar og variere om det er kunstnarleg, sosialt eller fagleg fokus som skal vere viktig å formidle. Slik får Folkepedia ei god balanse mellom å syne fram danseglade unge og dansar der ein kan hente ut detaljkunnskap om steg, svikt og andre sentrale element i dansen.

Folkepedia treng ei større satsing på formidlingsdelen, særleg inn mot skule og lærarar. Mange lærarar og studentar veit ikkje om ressursen eller kjenner ikkje nok til folkedansfaget. NU bør i større grad formidle verktøyet til denne målgruppa. Nettsida bør utbetrast slik at den vert brukarvenleg og enkel å dele opp i ulike kategoriar og søkefunksjonar. Nettsida treng også meir tilleggsmateriale for å hjelpe instruktørar med å instruere i dansane (slik som musikk, noter, tekstar, informasjon om kjelde osb).

Folkedans i skule, kulturskule og lærarutdanning

  • NU skal arbeide for at alle barn møter folkedans i skulen
  • NU skal arbeide for at alle lærarutdanningar tilrettelegg for innføring i folkedans
  • NU skal arbeide for betre moglegheiter for samarbeid mellom kulturskule og lokale lag

NU skal arbeide strategisk for at alle barn møter folkedans i skulen. Alle unge bør få moglegheit til å bli kjent med sine lokale danse- og musikktradisjonar gjennom skuleverket og oppveksten deira. For å få til dette kan NU vere aktiv ved å t.d. sende innspel til høyringar til læreplanar og arbeide for betre vilkår for dansen i skulen. Vi skal bruke Folkepedia meir aktivt inn som tilbod til lærara og skular slik at lærarar og studentar veit kor dei kan hente materiale for å ta i bruk folkedans i undervisning.

NU bør også samarbeide med andre aktørar for å få større gjennomslag for folkedans inn i skule og til lærarutdanning (td. aktørar som Ole Bull akademiet, SFF og FolkOrg).

NU skal vere eit betre og sterkare ledd for å betre samarbeidet mellom kulturskular og frivillige lag. Vi må jobbe for at alle kulturskular skal kunne tilby folkedans på timeplanen i samarbeid med lokale lag.

For å få til meir folkedans i skulen kan NU også arbeide inn mot DKS (Den kulturelle skulesekken).

Rekruttering, lag og medlemmer

  • NU skal arbeide for gode vilkår for rekruttering til folkedansen
  • NU skal yte service og rådgjeving til lag og medlemer innan aktuelle spørsmål kring folkedans
  • NU skal knyte tettare band med folkedanslaga og hjelpe dei i arbeidet med rekruttering samt å ta vare på noverande medlemer
  • NU skal løfte fram alle dei gode tradisjons- og kulturbærarane i organisasjonen

Det er færre og færre som dansar folkedans i dag og fleire lag fortel at dei slit med rekruttering av nye dansarar og medlemer. Særleg er dei laga med mange eldre medlemer bekymra for kven som skal ta over aktiviteten, tradisjonen og kulturarven når dei ikkje kan gjere det sjølv lenger. Vi treng ei sterk rekruttering til folkedansen på fleire plan, både born, ungdom, vaksne og eldre. Vi må sjå heile miljøet i samanheng for å sikre ein ny giv for den framtidige folkedansen. Samtidig må vi innsjå at alt ikkje vil bli som før. NU må tenke nytt kring rekruttering og korleis vi hjelper laga våre med dette livsviktige arbeidet. Rekrutteringa må ha fokus i det lokale laget og favne om alle moglege aldrar.

Samtidig som vi tenker rekruttering er det viktig at NU tek endå betre vare på våre eksisterande medlemmer og lag. Det bør vera hyppigare kontakt og oppfølging mellom sentralt, regionalt og lokalt ledd. NU kan aktivt tilby meir hjelp og rådgiving t.d. om korleis starte opp ny aktivitet, søknadsskriving og prosjekt. NU kan også legge til rette for kunnskapsutvikling, inspirasjon og ressursdeling gjennom digitale plattformer og møteplassar. NU skal styrke samarbeidet og oppfølginga av laga som arrangerer leikfestar, kurs, storkurs, barnestemne osb. NU treng også fleire lag til å samarbeide om å arrangere nasjonale kurs i lokalmiljøa og regionane.

Som eit ledd i synleggjering og rekruttering kan NU bli flinkare til å skryte av og framsnakke våre lag og medlemer som viktige kultur- og tradisjonsbærarar. NU bør synleggjere alt det gode laga våre gjer og oppmode til ein rausare delingskultur og gode samarbeid på tvers av lag og organisasjonar.

Synlegheit og politisk påverknad

  • NU skal aktivt drive politisk påverknad for saker som styrker folkedansens vilkår i framtida
  • NU skal følge opp statens arbeid med immateriell kulturarv
  • NU skal ta ei tydelegare stemme i det offentlege rom og meine meir om folkedans

NU er ein viktig aktør i folkedansmiljøet, men vi blir ofte litt usynlege og avgløymt i den store samanhengen. Dette kan skuldast at vi ikkje snakker så høgt om oss sjølv og kva vi gjer. NU bør ta ei tydelegare stemme i det offentlege rom og i den offentlege debatten. Vi må tørre å seie kva vi meiner og fortelje stolt om alt det viktige vi og laga våre driv med innafor den immaterielle kulturarven.

NU skal i større grad drive politiske påverkningsarbeid på folkedansfeltet, følge opp statens ansvar for den immaterielle kulturarven og sende høyringsinnspel på det som angår folkedansfeltet. Vi bør ha ei tett oppfølging av saker med politikarar. Det politiske påverkningsarbeidet kan gjerne skje i samarbeid med andre store aktørar på feltet der det er aktuelt og føremålstenleg.

Ved å vere meir synlege og meir aktive utad vil vi også styrke folkedansens generelle vilkår, gi laga større grunn til å vere stolte og halde fram med arbeidet samt at det faglege innan vår sjanger og organisasjon vert styrka.

Samarbeid 

  • NU skal fremje godt samarbeid på tvers av ulike aktørar og organisasjonar i folkedans- og folkemusikkmiljøet på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå
  • NU skal samarbeide om aktuelle saker med andre sentrale aktørar på feltet med formål å løfte og styrke folkedansen
  • NU skal jobbe for godt samarbeid med eigne lag og medlemer

NU er ein viktig part i samarbeid om aktuelle saker på folkedansfeltet og det skal vi fortsetje med i endå større grad der det er aktuelt. Samarbeid gir oss fagleg tyngde, er positivt for den lokale aktiviteten i laga våre og kjem heile folkedansfeltet til gode. NU bør også oppmode til gode samarbeid lokalt i folkedans-Noreg.

NU skal særleg arbeide aktivt for å støtte opp om og engasjere seg i dei aktuelle Bygda dansar-prosjekta medan dei er aktive, men NU si rolle er vel så viktig i forkant og etterkant for å engasjere dei lokale laga og ressurspersonane til å sikre best nytte av prosjektet og få til ei positiv utvikling og framdrift. Vi skal også fortsetje det gode samarbeidet med FolkOrg kring ulike tema som er aktuelle. Samarbeidet kring dei halvårlege samrådingsmøta for folkedansen er sentrale i arbeidet for sjangeren og organisasjonen. Gjennom desse er vi også aktivt med på å støtte opp om viktige tiltak som andre aktørar på feltet jobbar for, slik som danseutdanningar på høgskule og vgs-nivå.

NU bør vere open for andre samarbeid som er til fordel for folkemusikken og folkedansen i Noreg og norden. NU er åpen og skal jobbe for det beste for feltet, ikkje berre innad i sin eigen organisasjon. Det som gagner folkedansmiljøet generelt vil også gagne miljøet i NU. Samarbeid med fleire på feltet kan bidra til å løfte folkedansen på eit prinsipielt og politisk nivå.

Fleire styringsdokument

Styringsdokument

Fagpolitisk plattform

Den fagpolitiske plattforma til Noregs Ungdomslag seier kva som har vore og skal vere prioriterte område for organisasjonen. Gjeldande fagpolitisk plattform vart vedteke på Landsmøtet i 2018.

Styringsdokument

Mandat rådsmøte for folkedans

Vedteke av styret 17. september 2023.

Styringsdokument

Prinsipprogram

Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen: