Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2025Utvida påmeldingsfrist: 4. april Les meir her

Nyheiter

Tilskot til prosjekt Opne Dører

Noko av det viktigaste NU sentralt kan gjere er å drive eit kontinuerleg arbeid for å bli kjent med aktiviteten i og behova til våre eigne lokallag. No har vi gleda av å fortelje at vi har fått 140 588 kroner i midlar frå ei ekstra tilskotsrunde hos Frifond til å gjere nettopp dette.

Tre personar sitt rundt eit bord å diskuterar

Gjennom det tidsintensive prosjektet Opne Dører kjem styremedlemmar og tilsette i løpet av hausten 2025 til å reise ut for å møte lokallag og fylkeslag. Desse møta vil finne stad på regionalesamlingar, som sentralleddet i samarbeid med laga vil arrangere. Målet og ønsket er å treffe så mange av våre lag som mogleg og vi vil spreie samlingane breitt ut over.

Føremålet med dei regionale samlingane er først og fremst å dele erfaringar, bygge nettverk og skape grobotn for nye idear til aktivitet og arrangement lokalt. I tillegg vil ein nytte dei regionale samlingane til å spreie informasjon om NU og kva sentralleddet kan tilby til dei lokalt, samt bygge sjølvtillit og skape eigarskap til eigen organisasjon.

Samlingane skal vere lågterskel og attraktive for medlemmar med engasjement for lokallagsarbeid.Frifond-midlar støtter først og fremst opp om tiltak retta mot barn og ungdom, og vi håpar på stor deltaking frå yngre når vi etter kvart skal reise rundt.

Erfaringar frå tidlegare besøksrunder er at det er nyttig og lærerikt for både lag og sentralledd å møte kvarandre. Meir informasjon om samarbeid om og gjennomføring av samlingar vil kome etter kvart og vi håpar at mange lag vil melde si interesse.

Vi håpar at Opne Dører kan bidra til auka aktivitet og nye idear i våre lokallag. Vi takkar Frifond så mykje for tilskotet og ser fram til å kome oss ut på vegen.