Bunad og handverk
Noregs Ungdomslag har ei rik og lang historie som ein organisasjon som er opptatt av bunad og handverk. Heilt sidan Hulda Garborg reiste rundt i landet og inspirerte til bunadsarbeid, har bunaden vore ein del av arbeidet til norskdomsrørsla og andre organisasjonar.
Med Klara Semb kom bunad inn som ei sentral arbeidsoppgåve for Noregs Ungdomslag. Lag og medlemmer har lagt grunnen for mange av bunadene som er i bruk i Noreg i dag, og i praktisk bruk er det ingen som brukar bunaden meir enn medlemmene i ungdomslaga. Noregs Ungdomslag skal vere ein interessant organisasjon for både bunadstilverkarar og bunadsbrukarar.
Bunadsarbeidet i NU
Mange av NU sine lokallag er opptekne av bunad og handverk. Gjennom aktiv bunadbruk, kurs og handverksaktivitetar er lokallaga med på å ta vare på ein levande handverkstradisjon.
I dag har NU ansvar for ivaretaking av heile den samansette bunadshistoria, tilgang på bunader, ivaretaking av handverkstradisjonen og kunnskapsformidling om både bunad og folkedrakt står sentralt. Dei kulturhistoriske røtene er viktige, men det å bruke bunad, at det finnast tidhøveleg klede for alle, demokratisk og mogleg å sy sjølve, er det viktigaste. Frå fagpolitisk plattform.
Opplæring og møtestader
Noregs Ungdomslag har fleire gode samarbeidspartnarar på bunadsfeltet. Gjennom desse samarbeida tilbyr vi kurs og opplæring i bunad og handverk i tillegg til at vi er med på å arrangere møtestadar for bunadsinteresserte.
Bunadopplæringa er ei modulbasert kursrekkje som gir deg ei praktisk innføring i dei grunnleggande handverskteknikkane innan bunadssaum samt meir kunnskap om historia til handverket.
Fagdagane i bunad og folkedrakt er ei årleg samling der bunadsinteresserte møtast for faglege foredrag, kurs og sosialt samvær.
Meir om bunad
Samarbeidspartnarar
Besøk nettsiden til Studieforbundet kultur og tradisjon
Studieforbundet kultur og tradisjon er eit studieforbund for frivillige organisasjonar som driv opplæring i folkeleg kultur som husflid, handverk, folkedans, teater, kystkultur og lokalhistorie, med meir. Noregs Ungdomslag var ein av stiftarane av studieforbundet.
Besøk nettsiden til Norges Husflidslag
Norges Husflidslag er en medlemsorganisasjon med over 350 lokale husflidslag og 19 fylkeslag. I tillegg til over 20.000 enkeltmedlemmer, er også profesjonelle husflidhåndverkere og husflidsbutikker knyttet til organisasjonen.
Besøk nettsiden til Norsk institutt for bunad og folkedrakt
Norsk institutt for bunad og folkedrakt (NBF) er eit nasjonalt kompetansesenter som arbeider med dokumentasjon, forsking og formidling av folkedrakt og bunad.
Besøk nettsiden til Norsk Folkedraktforum
Norsk Folkedraktforum er ein landsdekkjande organisasjon som arbeider med bunader som er i samsvar med den folkelege draktskikken i Noreg.
Fleire fagfelt
Folkedans
Organisasjonen arbeider fagleg og politisk for alle formene for norsk folkedans.
Levande kulturarv
Levande kulturarv eller immateriell kulturarv er tradisjonar og kunnskap som blir overført mellom generasjonar.
Ungdomshus
Husa våre er viktige som arena for frivillig kulturarbeid og utøving av dans, teater, bunadsarbeid, og anna kulturarbeid.
Teater
Amatørteater har i heile levetida til Noregs Ungdomslag vore ein del av det sentrale arbeidet i organisasjonen.