Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Kastar kleda for kreftsaka

Mannfolka i Fjærland Ungdomslag vedtok å gi det litle ekstra i år – eller eventuelt kaste det «litle ekstra» for ei god sak. I kalenderen for 2025, der halvparten av inntektene skal gå til Kreftforeningen, får du nemleg sjå 16 av Fjærlands stolte søner, like naken som dagen dei vart fødd.

Bilete av ein naken mann som bles i ein lur, under ein isbre ved sidan av ein gamal støl.Bilete av ein naken mann som bles i ein lur, under ein isbre ved sidan av ein gamal støl.

Ideen kom som ein spøk frå leiaren i Fjærland Ungdomslag, Knut P. Bøyum, på ein romjulsfest i fjor. Dei tok eit prøvebilete, som blei utgangspunkt for ideen. Nestleiar Iselin Knobel Liseter gjorde ideen til praksis, og i ei bygd på om lag 270 menneske klarte ho å overtale 15 menn til å stille opp i blanke messingen. Den 16. mann, leiaren sjølv, maste seg til ein plass.

- Det er vel rettare å seie at eg grein meg til det, seier Knut og ler.

Yngstemann er tjue år, og den eldste er 72, så det er eit godt spenn i alderen på karene.

- Ein kan jo spørje seg om det var ein god ide å ha ein 55 år gamal mannerumpe på framsida av kalenderen, seier Knut. Men den enorme responsen på kalenderen kan vitje om at folk syns det var nettopp det. Torsdag 24. oktober vart saka omtala i VG - attpåtil på nynorsk!

- Som ein fanatisk nynorskbrukar var det fantastisk å sjå at VG faktisk skreiv saka på nynorsk! Eg stiller gjerne opp naken igjen dersom det er det som skal til for å få avisene til å skrive på landsmål. Eventuelt kan eg love å la vere, om det gjer same nytta, ler han.

bilete av ein naken mann i båtbilete av ein naken mann i båt
Harry Berge er vanlegvis noko betre påkledd når han dreg på fisketur. Foto: Iselin Knobel Liseter

Vanlege mannfolk gjer vanlege ting, i uvanleg påkleding

Iselin og sjefsfotograf Gøril Resaland Skeide er damene bak kamera, og dei kreative leiarane for prosjektet. Dei syns karane er tøffe som stiller opp.

- Vår oppgåve var mellom anna å finne måtar å skjule dei edlare delane på. Det gjekk fint, seier dei til VG.

Det var også dei som tenkte ut kva karane skulle gjere, og korleis bileta skulle sjå ut. Bileta er fulle av detaljar som lokalfolket vil setje pris på.

Mannen i fiskebåten, til dømes, er kjend for å vere ein ihuga fiskar. Han var også den einaste som måtte ta biletet to gonger, for han fekk ikkje fisk på fyrste forsøk. Februarkarane står og skrur på snøfresarar - begge to er landbruksmekanikarar. I eit anna bilete sit ein mann og les ei bok, medan den andre ryddar i nokre bokhyller. Begge to jobbar som frivillige i Den norske bokbyen i Fjærland. Han eine sit forresten og les Kjærlighetens gleder, og hadde akkurat funne kjærleiken sjølv. Og kjærleik er kanskje håpet for yngstemann på 20, som spøkar med at kalenderen kan fungere som ein strålande kontaktlysing.

Iselin og Gørild har vore gode til å reflektere mannfolkas verkelege liv i bileta, i tillegg til å vise Fjærland sin karakteristikkar og historie. Biletet av mannen som spelar lur, tek utgangspunkt i eit gamalt postkort frå same stad. Ein artig detalj frå dette biletet er at Riksveg 5 går rett bak, så modellen ville gjerne få tatt biletet så fort som råd.

- Var det nokon som syns det var skummelt å kle seg naken for bileta?

- Eit par stykk syns det var litt skummelt først, men når kleda først var teke av var det ikkje så farleg lenger, fortel Knut. Iselin og Gørild var så naturlege og fekk alle til å kjenne seg trygge og komfortable.

Knut er nøye med å få fram at det er damene som er primus motor for prosjektet – utan dei to hadde ikkje kalenderen blitt laga, og i alle fall ikkje like bra.

- Og bileta er jo så flotte at vi prøver å få til eit samarbeid med næringslivet i bygda, og kanskje særleg turistnæringa. Bileta kan bli flotte reklameplakatar for bygda, og samstundes sette fokus på ei viktig sak.

Tre nakne menn pyntar og bakar til julTre nakne menn pyntar og bakar til jul
Torstein Soli-Supphellen, Svein-Kristian Restad og Mikkel Olai Liseter bakar og steller i stand til jul. Foto: Gøril Resaland Skeide

Ungdomsrørsla er meir enn berre bunad og folkedans

Prosjektet har ført til eit samhald i bygda, og dei involverte har hatt det veldig moro i lag. Knut poengtera at Ungdomslaget er ein strålande plattform for dugnad, samhald, og for mykje moro. Ikkje har dei fått nokre negative tilbakemeldingar heller.

- Eit par gamle damer i bygda har uttalt at dei ikkje ynskjer å ha kalenderen på kjøkkenveggen sin, men det er heilt greitt, seier Knut.

- Er det damene i bygda sin tur neste år?

- Det er allereie fem-seks damer som har meldt interesse for å vere med neste år. Og damene her i bygda er jo mykje flottare enn oss karane, så det kjem til bli ein enda betre kalender!

- Så årets kalender blir ein slags oppvarming til neste års kalender?

- ja, det kan du jo seie! Seier Knut og ler godt

Om de ønsker meir informasjon om nakenkalenderen kan de følge denne sida på Facebook. Her kjem informasjon om kvar de får kjøpt kalenderen, pris, osb.

Ein naken mann og ei påkledd dame går nedover ein grusveg i SognEin naken mann og ei påkledd dame går nedover ein grusveg i Sogn
Foto Gøril Resaland Skeide