Kongens fortenestemedalje til Arnfinn Eng
Tysdag 28. januar blei Arnfinn Eng heidra med Kongens fortenestemedalje for sitt dedikerte engasjement for kultur og politikk, og for alt arbeidet han har lagt ned for å skape aktivitet i eige lokalmiljø.
Eit liv dedikert til frivillig arbeid og lokalmiljø
Markeringa fann stad i peisestova på Landmo bo- og servicesenter, med gjestar frå det lokalpolitiske miljøet, formannskapet i Nordre Land, Framsteg UL, Oppland UL og Noregs Ungdomslag.
Assisterande statsforvaltar i Innlandet, Sigurd Tremoen, overrekte medaljen på vegner av Kongehuset. I hans tale la han ut om Engs innsats for lokalsamfunnet, både som politikar, og gjennom aktiviteten i Framsteg UL. I 1988 starta han sin politiske karriere i Nordre Land kommunestyre, som representant for Venstre. Å oppretthalde og styrke aktiviteten i bygdene har heile tida vore hans fanesak, og da det kom forslag om å slå saman brannstasjonane i Torpa og Nordre Land blei han så skuffa over haldningane til dei etablerte partia, at han skipa Nordre Land bygdeliste. Eng har vore drivkrafta bak Bygdelista, som hadde seks representantar i kommunestyret på det meste.
Teater har ligge han hjarte nært og dette brukte han også i sine politiske innlegg. Hans innlegg var ofte høgdepunkta under kommunestyremøta i Nordre Land, framført med stort engasjement og krydra med kjende sitat. Å vere folkevalt var ein plikt ovanfor samfunnet, meinte Eng, og lengje tok han derfor ikkje imot godtgjering.
Berre 14 år gamal var han med på å blåse liv i Framsteg UL i 1971. Eng har altså vore aktiv ungdomslagsmedlem i heile 54 år, og i løpet av den tida har han hatt menge ulike roller, blant anna som formann i fleire ti-år. Som teatermann har han vore med på å skape meistring og sjølvtillit for mange ungdommar. Han har sørga for at prisane har vore lave, slik at alle kan delta, uansett økonomisk situasjon, og har stått i spissen for over tjue store førestillingar. I 2024 fekk han Nordre Land prisen for sin verdifulle innsats for det lokale kulturlivet.
- Utan eldsjeler som deg Arnfinn, ville Torpa, Nordre Land og Noreg vore eit fattigare og mindre fargerikt samfunn, seier Tremoen.
Eng var både rørt og takksam for merksemda. I si takketale reflekterte Eng over livsløpet sitt i Framsteg UL og siterte avslutningsstrofa frå diktet Tytebæret av Aasmund Olavson Vinje: «Mogen mann det mest må gleda, burt for folk å gjeva seg.» Han såg tilbake på kor viktig frivilligheita har vore for han, men at tida no var mogen for at andre skulle ta over. Som 15-åring var han med på å få Framsteg UL på beina att, og gjennom ungdomslaget lærte han verdisyn, organisasjonsarbeid og ansvar.
Eng omtala seg sjølv som ein prinsippfast mann og la vekt på betydninga av at folk engasjerer seg i sine lokalsamfunn. Han uttrykte stor takksemd for alle han har blitt kjend med gjennom ungdomslagsarbeidet og i politikken. Som ein sjølvutnemnd ultraroyalist var det ekstra stas for Eng å motta medaljen frå Kongehuset.
Ros frå politikarar og ungdomslag
Ordførar Ola Tore Dokken hylla Eng som ein prinsippfast ordkunstnar og ein forkjempar for dei som står svakt.
– Sjølv om ein ikkje alltid er einig i det Arnfinn seier, så veit vi å setje pris på måten han seier det på, sa Dokken.
- Formuleringane til Arnfinn er makalause og han er ein ordkunstnar av rang. Arnfinn er alltid på lag med dei som stiller svakt og taler deira røst, sa Dokken, som òg la vekt på Eng sitt sterke engasjement for bygdene i Torpa.
Rita Sirirud Vatnehol frå Noregs Ungdomslag trekte fram Eng som ein ekte eldsjel, heilt i tråd med Noreg Ungdomslag sine verdiar.
– Slikt engasjement er eit førebilete for andre som jobbar i lokallag og lokalmiljø, sa ho.
Styremedlem i Framsteg UL, Hege Klopp, heldt ein varm tale der ho framheva Eng si uvurderlege betydning for lokallaget. Ho la vekt på kor viktig den omfattande kunnskapen hans har vore, og delte personlege refleksjonar om korleis han har vore ein del av livet hennar heilt sidan ho var barn. Klopp nemnde også at ho ofte brukar meir tid saman med Eng enn med sin eigen sambuar, som understreka det tette samarbeidet mellom dei to. Ho uttrykte stor takksemd for innsatsen han har lagt ned og for den rolla han har spela i Framsteg UL gjennom åra.
Etter talene blei det servert smørbrød og kake, og stemninga var prega av takknemlegheit og varme. Blomar blei overrekt til heidersgjesten, som var tydeleg rørt over den store merksemda.
Markeringa blei ein verdig hyllest til ein mann som gjennom heile livet har vore ein enorm ressurs for sitt lokalmiljø.
Noregs Ungdomslag gratulera så mykje med den velfortente utmerkinga!
Fleire aktualitetar
Sjå alle10 tips til deg som skal arrangere årsmøte
Det er tid for årsmøte i både lokal- og fylkeslaga. Følgjer laget ditt mønsterlova til NU skal laget gjennomføre årsmøte seinast 15. februar, mens regionlaga må ha gjennomført årsmøtet innan 1. april.
21. januar 2025
Innkalling til landsmøte 2025
Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 26. og 27. april 2025. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.
17. januar 2025
Kongens fortenestemedalje til Ann Helen Lundekvam
Laurdag 11. januar blei ein stor dag for Ann Helen Lundekvam. Under bunadfesten til Sogn og Fjordane Ungdomslag fekk ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt langvarige arbeid med å ta vare på draktskikken i Sunnfjord.
16. januar 2025