Peparkakedraumen som vart røyndom: restaureringa av Trudvang
Malene Westengen Helle og Ida Søderstrøm frå Dale Ungdomslag bygde ein miniatyrversjon av det gamle ungdomshuset Trudvang i peparkakedeig – og ei enkel idé fekk snart stor betydning.

I desember, midt i koronatida, sette Ida Søderstrøm og Malene Westengen Helle i Dale Ungdomslag seg ned for å lage sitt kjære ungdomshus, Trudvang, som eit peparkakehus. Fjaler kommune har ei eiga peparkakebygd, inspirert av Bergens peparkakeby, og ungdomshuset skulle bli eit bidrag. Samtidig som dei arbeidde med peparkakehuset, stod sjølve Trudvang i forfall med hol i taket, lause skiferheller og manglande snøfangarar og takrenner. Det var denne kontrasten mellom eit fint og forseggjort miniatyrhus og eit slitt ungdomshus som fekk dei til å drøyme: -Tenk om Trudvang kunne bli like fint som dette peparkakehuset!

Men peparkake er eit skjørt byggemateriale, og på eit tidspunkt knakk taket. Det minna om Trudvang sitt verkelege tak, som også var fullt av hol. Men ulikt eit ekte hus kunne peparkakehuset bli redda med sukkerknekk og melisdryss, slik at sprekken forsvann. For det ekte huset ville arbeidet vere langt meir omfattande.
Trudvang vart oppført i 1932 og teikna av arkitekten Johan Lindstrøm, som også stod bak fleire ungdomshus på Vestlandet. Han er kjend for sine unike utskjeringar over scenene, og kvar av ungdomshusa hans har sine særtrekk. I Trudvang er utskjeringane to einhyrningar som står på bakbeina på kvar side av ei fontene.
Dei skjønte tidleg at om dei skulle få til å redde huset, måtte dei fokusere på attføring. Dei søkte om midlar frå Kulturminnefondet, Vestenfjellske Bykreditts Stiftelse, og andre kulturvernportalar. Først fekk dei midlar til å sikre taket mot lekkasjar, før veggane sto for tur og fekk etterisolering. Det var nødvendig, for ifølge Ida kunne dei ikkje lenger ha kino på ungdomshuset utan tjukke ullteppe – det var så kaldt i huset.

Heile bygget vart kledd opp igjen og måla med linoljemaling, akkurat slik det var i utgangspunktet. Opphavleg var huset raudt, i tråd med den tradisjonelle ungdomshusstilen, men seinare vart det måla kvitt. Dei spurte bygda om kva dei ønska seg: kvitt som bedehuset eller raudt som ungdomshuset ein gong var – valet fall på raudt. Dei fekk også laga ein kopi av den originale døra, basert på ein gammal teikning, og alle dei originale utskjeringane vart anten bevart eller rekonstruerte.

Medan utsida tok form, kom inspirasjonen til å arbeide med innsida. Dei pusset opp alle toaletta og oppgraderte med moderne fasilitetar som varmekablar, handikaptoalett, fuktsikring og golvbelegg. I storsalen vart eikegolvet pussa og lakka, og snart står tilbakeføringa av salen til sin opphavlege stil for tur. Den gamle tømmerveggen, som ligg bak panelet, skal fram att saman med tjukke, profilerte lister rundt vindauga.
Neste steg er oppgraderinga av scenen, som per i dag ikkje er trygg nok til å ta imot større teaterkompani som Teater Vestland. Dei har nesten fullfinansiert eit nytt amfi, men manglar litt. Trudvang har kome langt frå å vere eit falleferdig minne om ei svunnen tid til eit verna kulturminne i opphavleg prakt.
Det heile starta med eit peparkakehus, som vart eit symbol på kva ein kan oppnå når ein samarbeider og tør å drøyme stort. I sluttrapporten til Vestenfjellske Bykreditts Stiftelse og Kulturminnefondet vart peparkakehuset referert til:
Vi er glade for at Trudvang ikkje lenger treng melisdryss for å skjule hol og sprekkar.

I år oppfordrar Noregs Ungdomslag alle ungdomslag til å lage sine eigne peparkakehus. Det kan vere ungdomshuset de nyttar, ungdomshuset de skulle ønske var i stand, eller skulle ønske de hadde. Det kan vere eit heilt anna hus som er viktig for ungdomslaget, eller det kan berre vere ein dansesal, ei scene, eller eit anna rom som betyr mykje for laget.
Bilete av bidraget kan sendast til lene@ungdomslag.no innan 18.desember.
Vinnarlaget av konkurransen får dekt deltakaravgift for éin person på anten Landsmøtet 2025 eller Sommarleiren 2025.


Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
