Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Bruk bunaden din med glede!

17.mai nærmar seg. Skal du ha på bunad i år?

tre kvinner i Nordlandsbunadtre kvinner i Nordlandsbunad

Eit kjapt googlesøk på emneordet «bunadglede» gav dette dømet frå sosiale medium:

«Hurramegrundt! Nå har jeg endelig funnet ut hvilken bunad jeg faktisk har. Det er litt småkjedelig å ha en bunad i 8 år, og når folk spør hvilken bunad jeg har, så er jeg ikke helt sikker gitt. Meen nå vet jeg i allefall at det er så meget som en Jordetbunad!»

Bunad er viktig for folk. Bunad er historie og identitet, det er viktig for den enkelte kvar den er frå, kven som har laga den og kven som har brukt den før deg. Bunaden er kanskje det einaste plagget som veks i verdi jo eldre den er og jo lengre den har vore i bruk. Du kler ikkje berre på deg ull, sølv, broderi og gamle greier – du kler på deg ei historie og ein identitet. Du tek på deg noko som bestemor brukte, noko oldemor eller ei grandtante har sydd og streva med ut i dei seine nattetimar. Kanskje har du arva bunaden av bestefar eller far. Du kler deg inn i eit kollektiv der du kjenner deg heime. Bunaden er eit kosteleg smykke som slyngar seg om heile kroppen.

Internasjonal anerkjenning av kjensler og kunnskap

Kanskje har bunaden din musetaggar, plattsaum, franske knutar, kjedesting eller trådhemper? Kanskje har den nupereller, primhol eller telebinding? Alt dette er viktig immateriell kunnskap, kunnskap i kropp, hender og hovud, og ikkje lett å måle i klingande mynt. Bunaden er ein svært viktig del av den immaterielle kulturarven og den kulturelle kapitalen vår. Bunadbruken står sterkt i Norge slik det er i dag. Det ligg mange arbeidstimar og mykje kunnskap bak kvar einaste bunad, og det ville vera harmeleg og uoppretteleg om denne kunnskapen skulle forsvinne.

Fem frivillige organisasjonar har gått i bresjen og arbeidd fram ein nominasjonssøknad til UNESCOs representative liste over menneskeheitenes immaterielle kulturarv, nettopp for å kome denne utfordringa i møte. Noregs Ungdomslag, Norges Husflidslag, Norsk Folkedraktforum, Norsk institutt for bunad og folkedrakt og Studieforbundet kultur og tradisjon har arbeidd fram nominasjonssøknaden Bunadbruk i Norge, tradisjonshandverk og sosial praksis, sendt frå staten Norge i mars 2023. Dersom nominasjonen går gjennom, vil ei innskriving skje i desember 2024. Med dette arbeidet vil organisasjonane søkje anerkjenning frå det internasjonale samfunnet og styresmaktene i Noreg på at bunadstradisjonen er verdifull og verdt å vidareføre. Organisasjonane vil arbeide for betre vilkår og rammer for bunadtilverkarar, sikre tilgang til god informasjon, og kunnskapsformidling mellom generasjonar. Vi vil arbeide for etablering av fleire gode offentlege utdanningstilbod og betre tilgang på læreplassar, og med dette styrke framtidig produksjon av bunader i Norge. I 2025 vil dei fem organisasjonane legge fram ein strategi for vidareføring og vern av bunadtradisjonane i Noreg.

Bunad er aldri feil

Med litt stell og nokre justeringar kan bunaden brukast om att og om att gjennom heile livet, og gjennom fleire generasjonar. Den er med på bryllaup, barnedåp, 17.mai, vitnemålsutdelingar, julaftan, og gravferd. Dersom dresskoden er galla, kan du fint bruke bunad, sjølv på slottet. Den kan nyttast i alle alder, og vil aldri vere upassande. Den gir oss noko å prate om, og dessutan vil den aldri bli umoderne.

Over 70% av norske kvinner eig minst ein bunad. Det same gjelder 20% av norske menn. I Noreg har vi over 450 ulike bunader, med like mange tilhøyrande handverkstradisjonar. Det er med andre ord stor variasjon i bunader, og stor variasjon mellom dei som ber bunaden. Nokon har bunader som har fylgt dei gjennom generasjonar, andre har heilt nye bunader. Nokon er svært opptatt av å bruke bunaden mest mogleg korrekt, medan andre syns det er artig å leike med uttrykket, og kvir seg ikkje for å bruke alternative skjorter, eller silkeskjerf som eigentleg ikkje høyrer til. Bunaden er meint for å brukast, og den kjem til å bli brukt av mange ulike menneske, til ulik tid og på ulikt vis. Det viktigaste er at du brukar bunaden din med glede og stoltheit.

Så, medan vi ventar på Unesco, kler vi på oss bunaden, jublar oss ut i gatene eller inn i forsamlingshusa, et is med heile fjeset, heng på halv tolv i ei zip-line, søler ketchup på skjorta, og gjer alt som høyrer med bunadfesten, stemninga og høgtida – sjølve bunadgleda!