Innkalling til landsmøte 2024
Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 20. og 21. april 2024. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.
Førebels sakliste
Styret har sett opp ei førebels sakliste for landsmøtet. I tillegg kan medlemane gjennom laga komme med framlegg til saker ein ønsker at landsmøtet skal handsame. Sakene må vere melde skriftleg til styret i Noregs Ungdomslag seinast åtte veker før møtet, dvs. innan 23. februar.
Framlegg til saker kan de sende til post@ungdomslag.no Merk emnefeltet med "Saksframlegg til landsmøtet 2024".
Styret vil etter dette setje opp framlegg til endeleg sakliste. Lista blir kunngjordt på heimesida til Noregs Ungdomslag, og sendt til dei påmelde utsendingane seinast 22. mars.
Den førebels saklista per 19. januar 2024 er:
- Opning og konstituering
- Årsmelding 2023
- Rekneskap 2023
- Evt. lovendringsforslag
- Arbeidsprogram 2025-2026
- Rammebudsjett 2025 og 2026
- Innkomne saker frå laga
- Fråsegner
- Val av styre, revisor og valnemnd
Fleire aktualitetar
Sjå alleSøk momskompensasjon no
Har laget driftskostnadar? Då kan du no søke om momskompensasjon. Alle lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag kan sende søknad om momskompensasjon. Dette er støtte til frivillige organisasjonar som har hatt meirverdiavgift ved kjøp av varer og tenester.
10. mai 2024
Fråsegner frå landsmøtet 2024
Landsmøtet 2024 vedtok fire fråsegner, som er politikk eller uttalelsar frå Noregs Ungdomslag. Les dei her!
10. mai 2024
Presentasjonar frå Landsmøte 2024
Under landsmøtet 2024 hadde vi fleire innleiarar og kurs, og her er presentasjonane som vart brukt.
10. mai 2024