Søk på bachelor i folkedans
No kan du søke om å gå ein bachelor i folkedans!
Ta ein bachelor i folkedans på Rauland! Ved å fordype deg i norsk tradisjonsdans, blir du ein ettertrakta dansar som beherskar den særeigne teknikken og estetikken som finst i folkedansen.
Søknadsfrist er allereie 6. januar, les meir om studiet på denne sida.
Dette studiet er midt i blinken både for deg som er glad i dans og som ynskjer å fordjupe deg i folkedans. Kanskje har du dansa folkedans i fleire år allereie, men er usikker på om det går an å leve av det? Eller kanskje du har erfaring frå andre dansesjangrar og er nysgjerrig på folkedans?
I dag er det hard kamp om jobbane som nyutdanna dansar, men som folkedansar vil du ha eit fortrinn. Me kan også love deg eit svært spennande studiemiljø i saman med folkemusikkstudentane i naturskjønne Vinje. Me skal også besøkje ulike scener, utdanningsinstitusjonar og dansekompani i Oslo og andre stader i Noreg. Dette blir ikkje ei kjedeleg utdanning!
I Noregs Ungdomslag får vi stadig spørsmål frå lag som har behov for fleire instruktørar, det er rett og slett for få som vil ta på seg det å vere instruktør. Vi trur difor at denne utdanninga er viktig for å sikre fleire folkedansarar med god kompetanse innan faget og som kan vere med å formidle dansen til nye generasjonar.
Denne utdanninga kan passe både for deg som ynskjer å jobbe scenisk, men også for deg som helst blir pedagog.
Vi vil oppmode deg som er interessert til å søke på bachelor i folkedans, eller tips andre du trur kan ha interesse av denne utdanninga.
Hugs fristen 6. januar 2025!
Fleire aktualitetar
Sjå alleKongens fortenestemedalje til Ann Helen Lundekvam
Laurdag 11. januar blei ein stor dag for Ann Helen Lundekvam. Under bunadfesten til Sogn og Fjordane Ungdomslag fekk ho tildelt Kongens fortenestemedalje for sitt langvarige arbeid med å ta vare på draktskikken i Sunnfjord.
16. januar 2025
Folkedans på Dansens dager 2025
Folkedansar Silje Onstad Hålien er årets Dansens Dager-ambassadør!
9. januar 2025
Juleferie på NU-kontoret
NU-kontoret tek ferie og sentralbordet til Noregs Ungdomslag vil vere stengt fram til 6. januar. Vi takkar for eit innhaldsrikt og godt år. Takk for gode samarbeid, møte og utfordringar. No skal vi lade batteria litt før eit nytt innhaldsrik år står for tur.
23. desember 2024