Årets dans er lansert
No er årets dans lansert! Er du klar for lære deg den?

Lær Dansens Dager-dansen av Dansens Dager Ambassadør Silje Onstad Hålien!
Dansens Dager ambassadør for 2025 er folkedansar frå Valdres Silje Onstad Hålien.
Dansens Dager har kasta seg med på den store folkedans-bølgen og sjanger for Dansens Dager dansen er folkedans! Dansen er koreografert av Silje og er ein herleg blanding av ril, pardans og halling.
Vi håpar mange lag og medlemmer vil lære seg dansen og ta den i bruk! Hugs også at 25.-29. april markerer vi Dansens dager over heile landet. Kanskje de vil ha ei markering i ditt lag?

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
