Årets lokallag 2023 er kåra!
Årets lokallag 2023 er kåra! Det vart Bagabu IL!

Noregs Ungdomslag er ein organisasjon som har samla generasjonar til aktivitet over heile landet i godt over 120 år. I dag tel organisasjonen over 300 lokallag, spreitt over heile landet.
Noregs Ungdomslag er stolte av vår organisasjonsstruktur som er tufta på frivillig arbeid i lokalmiljøa. Det er ein føresetnad at vi er styrt nedanfrå og opp, med frivillige i lokallag, fylkeslag og eit nasjonalt styre som gir føringar til dei tilsette på kontoret.
Styret i Noregs Ungdomslag oppretta prisen for å heidre og framsnakke arbeidet lokallaga våre gjer kvar dag for å skape gode lokalsamfunn. Lokallaga sitt på ei erfaring og ein kunnskap om sin aktivitet som er uvurderleg, og prisen er viktig anerkjenning innsatsen lokallaga våre gjer.
Med prisen følgjer diplom og ein pengepremie på 10 000 kr.øvst i skjemaet
I år vart det fem lag som var nominert, med lag representert frå fem fylke.
- Sandeid Ungdomslag, Agder
- Tunsberg leikarring, Vestfold.
- U.L. Prøven, Møre og Romsdal
- Bagabu Ungdomslag, Trøndelag
- BUL Bodø, Nordland
Kriteriene juryen skal vektla er:
- Skape gode lokalsamfunn.
- Medverkar gjennom gode og varierte aktivitetar til å skape gode fritidstilbod
- Samhald og inkluderande møteplassar uavhengig av alder.
- Aktiv deltaking i fylkeslaga er og eit pluss.
For juryen er det viktig å framheve at alle dei nominert laga var verdige kandidatar, og at alle på ulikt vis tilfredsstiller kriteria. Det store talet på innkome stemmer, med om lag 1000 stemmer, viser òg sterkt lokalt engasjement rundt dei nominerte laga.
Prisen for året lokallag 2023 går til eit lag som i år feirar 125 årsjubileum. Laget ligg i ein lita tettstad, men har gjennom mangfald og kvalitet på aktivitetane opparbeidd ein posisjon som gjer at laget er viktig samlingspunkt for svært mange menneske.
Laget legg vekt på at aktivitetane skal både rekruttere og involvere deltakarane, samstundes som dei er gode på å delegere ansvar og skaper rom for alle både barn, ungdom og vaksne. På denne måten byggar dei og demokratiforståing. Dei driv både med tradisjonelle NU- aktivitetar som teater, dans, lesestundar og songkveldar, men arrangerer òg nye formar for aktivitetar som LAN-party.
Juryen er òg imponert over evna og viljen laget viser til å medverke i både fylkeslag og nasjonalt. Medlemmer har vore leiarar av Noregs Ungdomslag, og laget er for tiden representert i styret i Noregs Ungdomslag med styremedlem.
Årets vinnar er Bagabu Ungdomslag!
Klikk deg inn her om du vil lese meir om Bagabu Ungdomslag og dei andre nominerte laga.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
