Barneinstruktørkurs i Tromsø
Vil du lære å undervise barn i folkedans? No har du sjansen til å få gode verktøy, inspirasjon og nyttig erfaring!

22.-23. Mars 2025 inviterer Noregs Ungdomslag og BUL Tromsø til barneinstruktørkurs i folkedans. Instruktør er Anette Johansen frå Bodø. Kurset skjer i BUL Tromsø sine lokaler.
Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge i folkedans. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også vera fokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing.
Om kurset:
På dette instruktørkurset går me inn på didaktikk og metodar retta mot danseundervising for barn. Spørsmål her kan mellom anna vera: korleis arbeida med ulike målgrupper og gruppestorleikar. Kva dansar fungerer for 3 stk og kva fungerer for 90 stk?
På kurset legg me opp til å presentera eit repertoar av gode leikar/dansar for barn og gjev eit innblikk i korleis du kan arbeida med rytmer for barn.
På kurset går me inn på danseundervising som konsept. Kva arbeider du fram mot som instruktør, kven samarbeider du med, korleis motivera barna til å halda fram med å dansa og kva motiverer deg som instruktør?
Målgruppe:
Deg som underviser eller har planar om å starta opp undervising for barn. Kurset er for både erfarne og nybyrjarar, der målet er å få erfaringsutveksling mellom nye og dei som har undervist ei stund. Nedre aldersgrense: 13 år. Inga øvre aldersgrense.
Om instruktøren:
På dette kurset er det Anette Johansen frå Bodø som er instruktør. Ho vil dele av sin rikhaldige erfaring som instruktør og lærar om korleis ho har arbeidd med folkedans med barn og ungdom. Anette er ein dyktig instruktør og eit erfarent organisasjonsmenneske som har vore sentral i arbeidet med og utviklinga av Ungdomsringen Salten, Bodø folkedanslag og BUL Bodø sidan 2002. Ho er lærar i barneskulen og har mykje erfaring med dans i skulen. Dei seinare åra har ho også vore med å utvikla Folkepedia og instruktørmodellen til NU.
Meld deg på!
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit avgrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for å melde seg på er torsdag 6. mars kl. 23.55.


Fleire aktualitetar
Sjå alle
Bli med på ISLEK i juli
Folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK arrangerast på Island i sommar. Blir du og laget ditt med?
3. mars 2025


Kven Veit? 2025: Resultat etter 1. runde
Første tevlingsrunde med Kven Veit? er vel gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått gjennom svara og kan no avsløre kven som seglar opp i ei foreløpig leiing.
24. februar 2025


Årets dans er lansert
No er årets dans lansert! Er du klar for lære deg den?
11. februar 2025
