Hopp til hovedinnhold

Informasjon om NU-helgaLes meir her

Nyheiter

Den første internasjonale dagen for levande kulturarv!

17.oktober 2023 feira vi 20 års-jubileet for Unesco sin konvensjon om vern av immateriell kulturarv. I år markerer vi den første internasjonale dagen for denne.

dansarar på scena i setesdalsbunadardansarar på scena i setesdalsbunadar

Immateriell kulturarv, eller levande kulturarv, er skikkar, musikk, dans, handverk og andre levande tradisjonar som blir overført frå ein generasjon til den neste. Du kan lese meir om immateriell kulturarv her. I Noregs Ungdomslag driv vi med ei breidde av ulike aktivitetar innan levande kulturarv. Juletrefesten, forteljing av folkeeventyr, mattradisjonar, handverkskurs og leikfesten er alle ein del av den levande kulturarven som vi alle har til felles som folk. Mange tradisjonar er heilt lokale, medan andre har ein nasjonal tilhøyrsel.


I 2022 vart Noregs Ungdomslag akkreditert som ekspertorganisasjon innan levande kulturarv av Unesco. Det betyr at vi som organisasjon sitt på ei brei og god kompetanse innan ulike former for levande kulturarv. Det er til saman åtte akkrediterte ekspertorganisasjonar i Noreg. Desse organisasjonane skal kunne bli brukt som ressurs i saker og prosjekt som omhandlar levande kulturarv og saman med dei sju andre har NU eit ansvar for å ta vare på og vidareføre dei levande tradisjonane etter beste evne.

Fire felespillere i SetesdalsbunadFire felespillere i Setesdalsbunad
Kulturfotografen AS Thor Hauknes/Noregs Ungdomslag


Sentralt arbeider NU med ivaretaking av den levande kulturarven gjennom ulike prosjekt og satsingar, i samarbeid med andre og gjennom opplæring. Dei siste åra har vi hatt ei ekstra satsing på nominasjonen av den allmenne bunadbruken i Noreg, som du kan lese meir om på www.bunadbruk.no.

Opplæringsvideoar gjennom prosjektet Folkepedia, kurs i dans, spel og teater og samarbeid med andre organisasjonar om møteplassar og opplæring innan bunad og handverk er eksempel på korleis NU sentralt arbeider med dette. Gjennom prosjektet Huset i Bygda jobbar NU med å fremme behov for gode rammevilkår for dei frivillig eigde kulturhusa, slik at desse husa kan romme den levande kulturarven i form av aktivitet og møtestader. Ivaretaking av sjølve huset, drift av ungdomslag og bygghandverk er også levande kulturarv. Du kan lese meir om Huset i Bygda her.


Det er lokallaga i NU som sitt på den største og breiaste kjennskapen til levande kulturarv i sine bygder. Det er lokallaga som inviterer til smalahovefest, det er lokallaga som veit korleis slåttetradisjonen frå si bygd er og det er lokallaga som veit korleis ein setter opp ein 17.mai-revy etter same lest som ein "alltid har gjort". Det er medlemmane og dei engasjerte i lokalbefolkninga som er med på å ta vare på og vidareføre kunnskapen om desse tinga til dei neste generasjonane.

Ei gruppebilde av ein teatergjeng på scena, alle jublande gladeEi gruppebilde av ein teatergjeng på scena, alle jublande glade


I dag, den 17.oktober, feirar vi derfor all den kunnskap og forvaltning av levande kulturarv som ein kvar sitt med. Og vi retter merksemd mot viktigheita av å ta vare på denne kunnskapen og dei levande tradisjonane.


Gjennom levande kulturarv skaper vi levande lokalsamfunn.