Kven Veit? 2025: Resultat etter 1. runde
Første tevlingsrunde med Kven Veit? er vel gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått gjennom svara og kan no avsløre kven som seglar opp i ei foreløpig leiing.

Etter første runde er det tett på pallen:
Gisund Leikarring tek ein foreløpig tredjeplass med 27 poeng, så vidt slått av Bergen Ungdomslag Ervingen, som tek andreplassen med 28 poeng.
Heilt på topp så langt finn vi Hugnad Ungdomslag (Torpo) med 29 poeng.
I år er det 66 tevlingslag med. Fristen for å levere inn svara til andre tevlingsrunde er 28. februar, så her kan alt skje!
Samla resultatliste så langt finn du her.
Lukke til vidare med tevlinga!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
