Kven Veit? 2025: Resultat etter 2. runde
Andre tevlingsrunde med Kven Veit? er gjennomført. Vi har gått gjennom svara og kan avsløre korleis pallplasseringa ser ut så langt.

Etter andre runde er det tett kniving om dei tre øvste plassane, med førebels to lag på kvar plassering:
- U.L Prøven, 5, og Skodje Frilynde Ungdomslag Jaktlaget delar tredjeplassen med 51 samanlagde poeng etter andre runde.
- Gisund Leikarring har smetta ein plass lengre opp sidan førige runde, og deler no ein førebels andreplass med Bergen Ungdomslag Ervingen. Dei har 52 samanlagte poeng kvar etter andre runde.
- Heilt på topp finner vi også to lag så langt: Hugnad Ungdomslag, Torpo delar no fyrsteplassen med Bondeungdomslaget i Steinkjer, Dansarane, med 53 samanlagte poeng kvar etter andre runde.
Det er med andre ord tett mellom poenga, så her kan alt skje!
Her kan du lese den samalagte poengsummen etter fyrste og andre tevling.
I år er det 66 tevlingslag med. Fristen for å levere inn svara til andre tevlingsrunde er 28. februar, så her kan alt skje!
Lukke til vidare med tevlinga!

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
