Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Meir momskompensasjon til laga

7 249 633,- var delt ut i momskompensasjon til laga i Noregs Ungdomslag i 2023!

Unge skodespelarar på scena, utkledd som geiterUnge skodespelarar på scena, utkledd som geiter

Rett før nyttår fekk vi endeleg tilsagnsbrevet frå Lotteri- og Stiftelsestilsynet, som ga oss gladnyheita om over 7 millionar kroner til laga som søkte. Dette er nesten dobbelt så mykje som året før, då var summen på nesten 4 millionar.

Då er det store spørsmålet, kvifor så stor auke? I 2023 gjekk Noregs Ungdomslag over til dokumentert modell. Dette betyr at det blei ein del meir arbeid for laga då dei skulle søkje. Tidligare har vi brukt forenkla modell, der laga i søknad kun har levert inn dei totale driftskostnadene. I søknaden i 2023 skulle laga levere eit meir detaljert søknadsskjema, der alle utgiftar med moms skulle bli ført inn. Og det gav resultatar! Tusen takk for arbeidet de la ned i søknadane.

Noregs Ungdomslag kjem til å forsetje arbeidet med at momskompensasjonsordninga skal bli ytterligare utvida, slik at de i framtida forhåpentlegvis skal sleppe å gjere frådrag for kostnader på om-, på- og nybygg av hus og anna fast Eigendom.