Meld deg på landsmøte 2025
Påmeldinga til landsmøte 2025 er no open. Påmeldingsfrist er 27. mars.

Vi legg opp til ei helg med gode diskusjonar, fagleg påfyll og sosiale opplevingar. Gjennom helga skal vi få eit innblikk i mangfaldet i organisasjonen, og inspirasjon til godt ungdomslagsarbeid gjennom organisastorisk sirkeltrening.
Det er mykje som skjer i Oslo denne helga, og vi har valt å inkludere noko av det i vårt program. FolkOrg har også årsmøte denne helga, og vi har felles program med seminar og dans fredagen kveld for dei som ønskjer å vere med på det.
Laurdag finn eit av dei største arrangementa i eitt av lokallaga stad midt i Oslo sentrum. BUL Oslo arrangerer Sentrumsløpet, og vi har funne plass i programmet dersom nokon vil springe 5km-løypa laurdag ettermiddag. Om du ikkje vil springe sjølv er eit godt høve til å sjå på folkelivet og kanskje heie på nokre kjende.
Som om ikkje dette var nok, er det Dansen dager denne helga, og vi nyttar høvet til å markere dette og å feire at folkedansar Silje Onstad Hålien er årets ambassadør og har korreografert årets dans med element frå halling, ril og anna pardans.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
