Hopp til hovedinnhold

Landsmøte 2025Utvida påmeldingsfrist: 4. april Les meir her

Nyttig for laga

Noregs Ungdomslag blir Norges Ungdomslag

Styret i Noregs Ungdomslag har vedteke å bytte namn til Norges Ungdomslag for å gjere organisasjonen meir forståeleg for folk flest. Namneendringa kjem etter grundige vurderingar og språklege analysar.

Biletet visar den nye logoen til Norges Ungdomslag

– Mange forvekslar oss med andre organisasjonar, og enkelte trur vi er eit lokallag i Noreg, ikkje sjølve Noregs Ungdomslag. Vi ser også at forskjellen mellom "Noreg" og "Norge" ofte skaper forvirring, særleg i møte med mediehusa. Difor vel vi no éi tydeleg språklinje, seier styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen.

Bilete av styreleiar Torbjørn Bergwitz Lauen
Styreleiar i Norges Ungdomslag, Torbjørn Bergwitz Lauen

Avgjerda har møtt sterke reaksjonar frå Kringkastingsringen. Dagleg leiar Aksel Torsnes Mehlum meiner vedtaket bryt med organisasjonen si historiske forankring.

– I over 100 år har namnet "Noreg" vore eit av dei viktigaste symbola for heile rørsla vår. Det er stor skam at NU kastar vrak på denne felles historia på så lettvint vis, seier Mehlum.

Namneendringa blir offisielt innført i løpet av dei komande månadene.

Bilete av ein sur mann med armane i kors
Aksel Torsnes Mehlum, dagleg leiar i Kringkastingsringen, reagerer kraftig på namneendringa.