Ny amatørteaterparaply er stifta
I dag har 13 ulike aktørar i amatørteaterfeltet stifta organisasjonen Teaterforbundet Norge. Ein paraply for dei som driv med amatørteater i Noreg.

Møte opna med eit innblikk i historia og vegen for å komme til stiftingsmøtet i dag. Tone Runsjø frå Nettverk for regionale teaterråd snakka om bakgrunnen, og det som har vore. Historia har vore lang og innhaldsrik, og for eit år sida blei det satt ned eit samarbeidsutval for amatørteaterfeltet under Kulturalliansen. Utvalet skulle jobbe i i eit år. Mandatet var å utvikle ei felles samarbeidsplattform for det frivillige teaterfeltet, og etter eit år sitt vi med Teaterforbundet Norge. Stifta av 13 teateraktørar i Noreg.
Dagleg leiar i Kulturalliansen, Marianne Ween er imponert over kunnskapen og engasjementet utvalet har hatt.
-Det har vore eit utval med sterk vilje for å finne ei felles plattform. Det har vore mange diskusjonar, og mange har svelgt kamelar på vegen, fortel Marianne. Men det har resultert i dagen i dag, og stiftingsmøte for ny amatørteaterparaply.
Du kan lese om arbeidet til samarbeidsutvalet for amatørteaterfeltet her.

Kva skal barne heite?
Det er ikkje lett når du skal velje namn til barn. Dette gjeld og når du skal gi namn til ein heilt ny organisasjon. Og namnesaka skapte mange gode diskusjonar. Frivillig, eller amatør? Teater, eller scenekunst? Eit namn som er tydeleg i kva organisasjonen er, eller noko meir spenstig og kreativt? Det var mange gode forslag som blei kasta rundt, men då vedtaket skulle bli gjort var dei fleste einige: barne skal heite Teaterforbundet Norge.
Det er no jobben starter
Formålet for den nye organisasjonen er å styrke og synleggjere det norske amatørteaterfeltet. Teaterforbundet Norge skal få fram medlemmanes interesse for myndigheiter på både regionalt og nasjonalt nivå. Dette skal vere ein organisasjon som blant anna arbeider for styrka rammevilkåra, vere eit kontaktledd inn mot statlege myndigheiter og stimulerer til økt forståing for amatørteaterarbeidet i Noreg. Det er dette Teaterforbundet Norge no skal jobbe mot!
Magni Hjertenes Flyum, som til dagleg er generalsekretær i Noregs Ungdomslag, er nyvalt leiar i Teaterforbundet Norge.
-Eg ser fram til arbeidet Teaterforbundet Norge skal ta tak i framover, fortel Flyum. Med ei felles stemme skal vi arbeide for det beste for heile det mangfaldige amatørteaterfeltet i Noreg.


Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
