Søk gjesteinstruktør for våren 2025
Skal de arrangere kurs i til dømes teater eller dans og vil ha besøk av ein instruktør? Søk innan 1. november på gjesteinstruktørordninga vår for kurs våren 2025.

Lokal- og fylkeslag i Noregs Ungdomslag (NU) kan få besøk av ein gjesteinstruktør til å halde helgekurs i laget sitt. Ein kan velje mellom kurs i dans, musikk, teater eller organisasjon.
Laget betalar ein eigenandel på kr 5000 og NU betaler honorar, reise, diett og overnatting for instruktøren. Laget må sjølv organisere kurset, stille med lokale, ordne med påmelding mm, medan NU tek kontakt med instruktør og lagar kontrakt med denne.
Kriterium:
- Kurset skal vare i minimum 8 klokketimar
- Laget skal melde inn kurset til Studieforbundet kultur og tradisjon (https://www.kulturogtradisjon.no/) dersom det er meir enn 3 deltakarar over 14 år
- Laget må vere medlem i Noregs Ungdomslag
- Laget må ha levert årsrapport for føregåande år og ha registrert sine medlemmar i medlemssystemet for inneverande år
- Laget må sende inn søknad innan den gjeldande fristen
- Søknader som kjem inn etter søknadsfrist vil ikkje verte vurdert
- Søknader som kjem via e-post/telefon/brev vert ikkje vurderte utan særskilt avtale
Fristar:
Søknadsfristen 1. november 2024 gjeld for kurs som blir gjennomført i januar - juli 2025.
For organisasjonskurs har vi ikkje frist.
Kontaktinfo gjesteinstruktørkurs: Rita S. Vatnehol, 24 14 11 14, rita@ungdomslag.no

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Nytt årsmeldingsmagasin
NORDLEK 2024, nakenkalender og klimatoppmøte - 2024 var eit mangfoldig år i Noregs Ungdomslag. No er UNGDOM på veg til ein postkasse nær deg!
10. april 2025


Stem på Årets lokallag 2024
Prisen for årets lokallag i Noregs Ungdomslag vert delt ut for tredje gong under landsmøte i Oslo 26-27. april 2025. I 2024 vart Bagabu Ungdomslag kåra som årets lokallag. I år er fem lag er plukka ut etter nominasjonsrunden, og fram til 15. april kan du stemme på det laget du meiner fortener å bli kåra til årets lokallag!
2. april 2025


Årsmøte i HU
30. mars 2025
