Frifondrapportering
Det er tid for å rapportere på frifond-midlar de mottok i 2023. Rapporten skal bli sendt inn i Hypersys. Under finn de ein guide på korleis de gjer det.
Frist: 6. desember
Det er tid for å rapportere på frifond-midlar de mottok i 2023. Rapporten skal bli sendt inn i Hypersys. Under finn de ein guide på korleis de gjer det.
Frist: 6. desember
Tilskotet skulle brukast til aktivitetar for barn og ungdom under 26 år i perioden 01.11.2023 og 31.10.2024.
Laget skal først gi ein kortfatta rapport om kva tilskotet er brukt til og ein rekneskapsrapport. Dette skal bli levert i Hypersys.
Om laget ikkje har brukt opp heile tilskotet, vil vi sende krav om tilbakebetaling av restbeløpet.
Frist for å levere rapport er 06.12.2024. Lag som ikkje har levert rapport innan fristen, vil motta krav om tilbakebetaling av heile tilskotsbeløpet.
Logg deg inn på www.ungdomslag.hypersys.no.
Inne på profilen til laget (Organisasjonen vår -> organisasjonsprofil) er det ein rubrikk som heiter "Økonomi og andre oppgåver". Her ser de kva oppgåver laget har ståande ufullført. Se under overskrifta "Støttesøknad Frifond 2023" og trykk på "Sjå søknaden".
Då kjem du inn på søknaden for Frifond 2023.
Klikk deg inn på "Hald fram med utfylling av rapport, fyll ut og send inn.
Merk! Til rapporten skal de legge ved ein rekneskapsrapport.
Dette er ei rekneskapsfil der de skal fylle inn kva kostnadar de har brukt frifond-tilskotet på. Start med å legge inn summen de fekk utbetalt i frifond-tilskot som ei inntekt fyrst, og deretter fyll inn kostnadar de har hatt nedover. Det vi ser etter her er om utgiftane på barne- og ungdomsaktivtet har vore høgare enn frifond-tilskotet.
Det er her viktig at de fyller inn alle felta i rekneskapsrapporten. Bilag, dato, sum, andel i prosent, frå/til og sum. Med andel i prosent meiner vi kor stor prosent av kostnaden er brukt til barne- og ungdomsaktivitet.