Hopp til hovedinnhold

Send inn Frifond-rapportFrist 6. desemberLes meir her

Rettleiing

Lov for lokallaget

Vedteke på landsmøtet 2010, med endringar på landsmøtet i 2012 og 2016

Last ned Mønsterlov for lokallag i Noregs Ungdomslag som PDF her.

Mønsterlov for lokallag i Noregs Ungdomslag

Vedteke på landsmøtet 2010, med endringar på landsmøtet i 2012 og 2016

Lov for <namn på ungdomslaget>

Vedteken på årsmøtet <dato> 

§1 Føremål

  1. <namn på ungdomslaget> er eit frilyndt lag som ønskjer å skape engasjement og levande lokalmiljø.
  2. Laget er medlem i <namn på fylkeslaget> og godkjenner lovene og føresegnene til Noregs Ungdomslag. Arbeidet skal drivast i samsvar med føremålet og prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag.
  3. Laget skal legge vekt på samarbeid med andre ungdomslag, fylkeslaget og Noregs Ungdomslag for å styrkje felles kulturelle og økonomiske føremål.

§2 Medlemskap og årskontingent

  1. Alle som godkjenner føremålet til <namn på ungdomslaget> kan bli medlemmer i laget og i Noregs Ungdomslag.
  2. Medlemmer melder seg inn i laget ved å betale ein årskontingent etter satsar fastsett av årsmøtet i laget, fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag.
  3. Alle medlemmer over 14 år som har betalt årskontingent, og som har vore medlemmer i laget i minst ein månad, har røysterett i laget.
  4. Styret i laget har ansvar for medlemsverving.

§3 Årsrapportering

  1. Arbeidet i laget bør fylgje kalenderåret.
  2. Laget leverer årsrapport med kontrollerte medlemslister til Noregs Ungdomslag kvart år innan 1. mars.
  3. Laget melder inn nyvalde tillitsfolk til Noregs Ungdomslag kvart år så snart årsmøtet i lokallaget er halde.


§4 Årsmøtet

  1. Innkalling
    Styret i laget kallar inn til årsmøte kvart år. Årsmøtet skal vere halde innan 15. februar og må vere kunngjort på vanleg måte minst 14 dagar i framkant. Omframt årsmøte skal haldast når årsmøtet, lovleg innkalla medlemsmøte, styret i laget eller 1/3 av medlemmene krev det.
  2. Saker
    Årsmøtet skal handsame årsmelding, revidert rekneskap, arbeidsprogram, budsjett, kontingent og andre saker som styret legg fram for det. Medlemmer og nemnder kan kome med framlegg om saker til årsmøtet. Sakene med grunngjeving må vere melde skriftleg til styret i laget seinast 1 månad før årsmøtet. Årsmøtet kan ikkje gjere vedtak i saker som ikkje er oppsett på lovleg utsendt innkalling.
  3. Gjennomføring
    a. Årsmøtet konstituerer seg med godkjenning av innkalling og sakliste, val av ordstyrar, referent og 2 medlemmer til å skrive under møteboka.
    b. Årsmøtet vel leiar, 4 styremedlemmer og 3 varamedlemmer, revisor, valnemnd på 3 medlemmer og arbeidsnemnder og tillitsfolk som til ei kvar tid er nødvendige. Leiaren blir vald særskilt for eit år om gongen. Styremedlemmene blir valde for 2 år om gongen, slik at 2 står på val kvart år. Første gongen det blir halde styreval etter denne regelen, eller når det er tvilsmål om kven som står på val, blir det avgjort ved loddtrekning kven som skal vere i styret 2 år framover. Varamedlemmene, revisor og valnemnd blir valde for eit år om gongen. Nemndsmedlemmer blir valde for 2 år og slik at ikkje alle står på val samstundes.
    c. Utsendingar til årsmøtet i fylkeslaget og landsmøtet i Noregs Ungdomslag skal veljast på årsmøtet i laget eller på eit medlemsmøte. Årsmøtet i laget kan gje styret fullmakt til å velja utsendingar.
    d. For drøftingane, val og avrøystingar gjeld dei same reglane som for landsmøtet i Noregs Ungdomslag.

§5 Styret

  1. Styret vel seg i mellom nestleiar, sekretær og kasserar. <Legg til eventuelle andre verv etter som det er aktuelt for laget>.
  2. Styret har ansvar for lagseiga og den daglege drifta av laget. Styret har overordna ansvar for arbeidet i nemnder og særgreiner.
  3. Styret skal sørgje for at årsmøtet får framlagt årsmelding og revidert rekneskap. Dessutan skal det legge fram arbeidsprogram og budsjett for det nye arbeidsåret.
  4. Styret rår over lagseiga og skal drive laget på ein økonomisk forsvarleg måte i samsvar med arbeidsprogram og budsjett.
  5. Løyvingar/vedtak om investeringar over kr 50.000 og opptak av lån med pant i laget sin eigedom, skal godkjennast av årsmøtet med minst 2/3 fleirtal.
  6. Styret er vedtaksført når minst havparten av medlemmene er til stades og røystar.
  7. Styret skal føre vedtaksprotokoll for styremøte, medlemsmøte og årsmøte. Protokollen frå årsmøtet skal underskrivast av dei to som blir valde av årsmøtet til dette.

§6 Utmeldingar, skifte av føremål og nedleggingar

  1. Dersom laget ynskjer å melde seg ut av Noregs Ungdomslag, må dette vedtakast på 2 vanlege påfølgjande årsmøte, med minst eitt års mellomrom og med minst 2/3 fleirtal. Dersom eit mindretal på minst 5 medlemmer over 14 år vil halde fram med det gamle lagsnamnet og etter det gamle føremålet, tek dette mindretalet over namnet og eiga til laget. Det kan gjerast unntak for eige laget hadde ved innmelding. Slike unntak må gå fram av lover godkjende av Noregs Ungdomslag.
  2. <For lag tilknytta eit fylkeslag:> Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, utan at styret har kalla inn til årsmøte i laget, skal fylkeslaget sørgje for at det blir innkalla til årsmøte.
    <For direkte innmeldte lag:> Dersom det har gått 1 år ut over den fastsette årsmøteperioden, utan at styret har kalla inn til årsmøte i laget, skal Noregs Ungdomlsag sørgje for at det blir innkalla til årsmøte.
  3. Dersom laget 2 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter §3.2, skal laget kontaktast av Noregs Ungdomslag, der nedlegging eller naudsynte tiltak for reaktivisering skal vurderast.
  4. Dersom laget 3 år etter kvarandre ikkje har sendt årsrapport etter §3.2, skal laget reknast som nedlagd. Dersom laget i 3 år etter kvarandre ikkje fyller krava til lagsdefinisjonen i Noregs Ungdomslag sine lover, skal det like eins reknast som nedlagd.

§7 Trygging av eiga

1. Avhending av ungdomshuset, anna fast lagseige og luter i fast eigedom skal ha samtykke frå styret i Noregs Ungdomslag.

2. Blir laget lagt ned, skal styret i Noregs Ungdomslag sørgje for at eventuell formue blir nytta til å slette gjeld. Eventuell restformue etter dette skal bli nytta til beste for ungdoms- og kulturarbeid på staden. Om styret ikkje gjennomfører oppløysing av laget innan 6 månader etter nedlegging, skal Noregs Ungdomslag gjennomføre

oppløysinga. Medlemmene i laget har ikkje krav på medel eller delar av desse.

§8 Ymse

Lov og føresegner for Noregs Ungdomslag som omhandlar tilhøve i ungdomslaga eller organisasjonen allment, gjeld for <namn på ungdomslaget>.

§9 Lovendring

  1. Framlegg til lovendring skal vere kunngjort minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmøtet kan då vedta endring med 2/3 fleirtal.
  2. <For lag tilknytta eit fylkeslag:> Endringar av lovene må godkjennast av <Namn på fylkeslaget>
    <For direkte innmeldte lag:> Endringar av lovene må godkjennast av Noregs Ungdomslag.

Fleire rettleiingar

Renovering av eit ungdomshusRenovering av eit ungdomshus
Rettleiing

Økonomi

Korleis søke tilskot?

Kva bør du tenke på når du skal søke om tilskot til aktivitetar eller prosjekt i laget ditt?

Rettleiing

Lov for fylkeslaga

Alle fylkeslag må ha eigne lover. NU har utarbeidd eigne mønsterlover som kan nyttast dersom ein skal utarbeide nye eller revidere eksisterande lover. På landsmøtet i 2011 blei det vedteke nye mønsterlover for fylkeslag, og desse blei noko justert på landsmøtet i 2012 og 2016.