Teaterstrategi
Vedteke av styret i Noregs Ungdomslag, 30.11.2019.
Teaterarbeidet i Noregs Ungdomslag
- NU skal gjennom amatørteateraktivitet skape engasjement og levande lokalmiljø i heile landet.
- NU sin amatørteaterprofil skal vere frilynt, mangfaldig og inkluderande.
- Teaterfolka skal vere ein viktig og godt synleg medlemsmasse for NU.
- NU skal arbeide for å ivareta og synleggjere amatørteateraktiviteten i organisasjonen
- NU skal arbeide for å rekruttere nye, unge medlemmar gjennom teateraktiviteten.
- NU skal arbeide for at amatørteaterarenaen skal fortsetje å vere ein trygg, god og generasjonssamlande møtestad.
- NU skal arbeide for å styrke amatørteateret som levande kulturarv.
- NU skal arbeide for å utvikle trygge, sjølvstendige og samfunssengasjerte personar gjennom amatørteateraktiviteten.
- NU skal tilby gode opplæringsarenaer på amatørteater.
Merkevarebygging og identitetsbygging i NU er viktig for både eksisterande og framtidige lag. Det er viktig at medlemmar og lag veit kva NU er og kvifor ein bør vere eller bli medlem. Det er ei utfordring at fleire av organisasjonen sine medlemmar ikkje veit kva NU er i tillegg til at mange ikkje veit at dei er medlem av organisasjonen. NU må difor jobbe aktivt med merkevarebygging og synleggjering av eigen organisasjon, kva NU står for og kva vi kan tilby medlemmane. Lokallaga må kjenne ei tilknyting til NU.
Det er fleire måtar ein kan styrke arbeidet med identitetsbygging generelt og amatørteateret i organisasjonen spesielt. Å synleggjere lags- og medlemsfordelar, sørge for gode møteplassar, promotere dei ulike fagfelta på ein god og likeverdig måte og vere aktiv samarbeidspartnar i ulike prosjekt og satsingar er viktig for å styrke feltet. Gjennom gode nettsider og synleggjering av tilbode NU har vil lokallaga kjenne seg meir knytt til NU og oppleve NU som ein aktuell organisasjon.
Teaterråd og utval i NU
- Det er viktig for sekretæriatet i NU med ei faggruppe å stø seg på.
- NU skal invitere til nettverksmøte for teater der ein drøfter aktuelle tema for fagfeltet etter innspel frå anten styret eller medlemmane.
- NU skal opprette ad-hoc utval ved behov som tek føre seg konkrete spørsmål eller utfordringar knytt til teaterarbeidet i organisasjonen.
- Teaterråd og utval i NU kan anten ha ein rådgjevande funksjon eller vere ei sjølvstendig arbeidsgruppe med konkrete oppgåver.
Teaterstrategiutvalet trur det er viktig for administrasjonen i NU å ha ei faggruppe dei kan stø seg på. I løpet av NU-helga i samband med landsråd skal NU invitere alle interesserte til nettverksmøte for amatørteaterfeltet i organisasjonen. I nettverksmøta skal ein drøfte aktuelle saker og tema knytt til teaterfeltet. Ved behov kan NU opprette ad hoc-utval som kan jobbe med konkrete tema eller oppgåver etter ønskje frå nettverksmøtet. Det kan vere utfordrande å rekruttere medlemmar til eit slikt utval og det er viktig å merke at det skal vere frivillig å sitje i slike utval.
Kulturrådgjevar med ansvar for amatørteaterfeltet kan delta i møte med utvalet og drøfte aktuelle sakar for lokallaga og NU sentralt innanfor amatørteaterfeltet. Ved behov kan det vere kontakt mellom administrasjonen i NU og utvalet. Eit eventuelt utval skal ha ei rådgjevande rolle ovanfor administrasjonen og skal ikkje bli pålagt å ha for mange møte eller arbeidsoppgåver. Alternativt kan utvalet få i oppdrag å gjennomføre konkrete oppgåver, som t.d. å planlegge arrangement.
Opplæring og møtestader
Gjesteintruktørordninga
- NU skal gjennomgå ei revidering av ordninga slik at den treffer medlemslaga betre.
- Gjesteinstruktørordninga skal vere eit attraktivt tilbod som laga ønskjer å bruke.
- NU skal ha ei rolle som fasilitator for lokallag som ønskjer kurshaldar til sitt lag.
Gjesteinstruktørordninga har ikkje treft amatørteaterlaga godt nok og det er ulike behov ute i laga for kva dei treng. Nokre lag treng hjelp til heile prosessen med å planlegge og gjennomføre kurs, alt i frå å finne kurshaldar, ordne reise og lande kurstema, medan andre lag berre treng økonomisk støtte. I desse tilfella blir NU sentralt ei sinke i prosessen. I tillegg opplever mange lag namnet på ordninga som villeiande.
På bakgrunn av dette er det aktuelt å sjå på ei revidering av gjesteinstruktørordninga slik at fleire lag ønskjer å bruke den.
NU skal:
- Vurdere å endre namnet på ordninga til Teaterkurs.
- Vurdere å endre namnet på instruktør til kurshaldar.
- Vurdere å setje av ein pott som ein kan dele ut til dei laga som berre har behov for økonomisk støtte for å gjennomføre kurs med ekstern kurshaldar.
- Ha oversikt over kurshaldarar og kapasitet til å kople saman kurshaldar og arrangørlag.
- Tydeleggjere i større grad for laga kva som ligg til ordninga, inkludert kva ein kan forvente av å få kurs til sitt lag.
- Lage ei liste over type kurs, alt i frå kurs i skodespelarteknikk til scenografibygging, laga kan få.
- Arbeide for å auke budsjettet slik at fleire lag kan få tilbod om kurs.
Instruktøropplæringa
- NU skal arbeide for å gi medlemmar og lokallag eit relevant og godt opplæringstilbod.
- NU skal arbeide for å gjere instruktøropplæringa innanfor amatørteater til eit attraktivt tilbod for medlemmar og lokallag.
- NU skal arrangere kurs for instruktørar basert på medlemmane og lokallaga sine behov og ønskje.
Instruktøropplæringa i NU er eit modulbasert opplæringstilbod der målgruppa i hovudsak er ungdom og vaksne som anten er eller har eit ønskje om å bli betre kjent med instruktørrolla i eit lokallag. Ordninga skifta for eit par år sidan namn til «teaterkurs» i håp om at fleire skulle melde seg på, då NU hadde fått tilbakemeldingar om at namnet instruktøropplæring kunne virke avskrekkande. Fleire kurs har blitt avlyst på grunn av for låg påmelding og det har også vore utfordrande å nå ut til målgruppa med informasjon om kurs. Gjennomførte kurs har vore meir eller mindre vellukka.
Tilbakemeldingar frå lag som driv amatørteateraktivitet seier at folk ønskjer å delta på kurs, men at ordninga ikkje er synleg nok eller tydeleg nok. Dei som har delteke på kurs er stort sett fornøgde, men samtidig er det mange som har for høge eller urealistiske forventingar.
NU må tydeleggjere instruktøropplæringa og tilby enkle, modulbaserte kurs med tydeleg innhald og mål. Det må kome tydeleg fram at deltakarane ikkje blir utlærde instruktørar etter ei helg med kurs, men at kursa gir fagleg påfyll til laga. I tillegg må det bli kommunisert at deltaking på slike kurs kan vere positivt for samhald og samarbeid i laga.
NU må tilby kurs etter kva laga og medlemmane har ønskje og behov for.
Fagdagane i teater
- NU skal skape ein nasjonal samlingsplass for teater som skal fungere som eit fagleg og sosialt treffpunkt.
Det er eit stort behov for eit nasjonalt fagleg og sosialt møtepunkt for dei vaksne som driv med teater i NU. I følge spørjeundersøkinga gjennomført i 2019 er det eit ønske frå rørsla om ei samling med både fagleg og sosialt påfyll.
NU skal gjennom teatersamlinga skape ein arena der teaterrørsla i NU kan møtast og snakke både med kvarandre og med NU sentralt. Gjennom ei slik samling kan ein bygge tilhøyrsle mellom dei ulike teaterlaga og NU sentralt. Ei teaterfagleg samling vil vere med på å styrke eldsjelene i lokallaga og dei vil ta med seg ny giv og energi tilbake til sine lag.
I tillegg skal ei teatersamling vekke interesse for organisasjonsarbeidet i NU og på sikt auke deltakinga på Landsmøtet og engasjementet i organisasjonen generelt. Medlemmane skal forstå at NU ønskjer å satse på amatørteater og at lag og medlemmar kan vere med på påverke arbeidet i organisasjonen.
Ei teatersamling kan ha ulike format og innhald, men det er viktig med ei tydeleg målgruppe, eit aktuelt fagleg tema og ei attraktiv sosial ramme. Arrangementet må bli utforma på teaterfolket sine premiss. NU bør vurdere å la arrangementet rullere mellom dei større byane i landet. Ei slik samling bør ikkje vere for kostnadskrevjande for deltakarane. Samlinga må skje ei anna helg enn landsmøtehelga for å kunne lage ei samling som har ei tydeleg teaterfagleg retning.
Valde å ta ut forslaget til detaljprogram som ligg i teaterstrategien.
Nettressursar
Nettsider
- Nettsidene til NU skal synleggjere teaterarbeidet i organisasjonen på ein tydeleg og god måte.
- NU skal utvikle nettsidene til å innehalde meir relevant informasjon og ressursar for lag og medlemmar som driv med amatørteateraktivitet.
- Nettsidene skal virke attraktive for potensielle nye medlemslag som driv amatørteateraktivitet.
- Nettsidene skal synleggjere amatørteateret i NU i historisk samanheng.
Teaterpedia, NU-teatergjenbruk og delingsarena
foreslår å skrinlegge planane om desse nettressursane og heller fokusere på å gjere fleire ressursar og aktuelt teaterstoff tilgjengeleg på dei nye nettsidene. Har også vald å kutte noko av det som står om nye nettsider, då vi allereie er i gang med dette arbeidet, samt at noko er veldig spesifikt.
Gjennom gode, tydelege nettsider skal NU vise fram alt som organisasjonen kan gi til medlemslaga. Nettsidene skal overtyde potensielle medlemmar om å melde seg inn. Nettsida skal fortelje kva som skjer i teaterverda i dag, både i og utanfor NU. Nettsida skal informere og inspirere og vere ein ressursbank for laga, både innanfor teaterfeltet og andre. Lag og medlemmar skal få svar på det dei lurar på, anten det gjelder hjelp til å halde styremøte eller korleis bygge scenografi. I tillegg skal laga finne gode eksempel, tips og triks, samt malar som er nyttige for amatørteateraktiviteten.
Teaterarbeidet i NU skal vere godt synleg på nettsidene. Besøkande skal møte ei visuell, ryddig og innbydande nettside med gode bilete som illustrerer teaterarbeidet i organisasjonen på ein god måte. Teaterlaga i NU skal kjenne seg igjen i det dei finn på nettsida og det er viktig å få fram både teaterarbeidet i NU i historisk perspektiv og kva teater i NU er i dag.
Rekruttering, synleggjering og ressursar
NU-film
foreslår å skrinlegge prosjektet om NU-film og heller skrive det meir overordna. Grunngjeving: ideen var sett i samanheng med 125 års-jubileet i 2021;
Nyskaping
- NU skal synleggjere si rolle som nyskapar innanfor teatersjangeren gjennom historia.
- NU skal halde fram med å utvikle nye kulturelle uttrykk med inkluderande arenaer
NU har vore med på å etablere nye sjangrar og arbeidsmetodar i amatørteaterarbeidet. NU skal halde fram med å utvikle nye kulturelle uttrykk med inkluderande arenaer. Éin måte å gjere dette på, er gjennom nye, større prosjekt som famnar vidt. NU må difor arbeide for å få midlar til å gjennomføre prosjekt på amatørteaterfeltet som kan engasjere og aktivere lag og medlemmar gjennom sentrale kurs og aktivitetar.
Kva skal ein få som teatermedlem i NU?
- Fordelane av å vere medlem av NU skal vere tydeleg kommunisert til lag og medlemmar.
- NU skal arbeide for å skaffe gode og aktuelle lags- og medlemsfordelar for amatørteaterlaga i organisasjonen.
- Organisasjonsstrukturen til NU skal fungere som ei styrke for lag og medlemmar.
Medlemmane i NU må sjå føredelane med å vere medlem av organisasjonen. Føredelane dei får må kome godt fram, både dei økonomiske og dei faglege. NU kan tilby mykje i dag, men det må kome tydelegare fram. Lags- og medlemsfordelar må vere aktuelle, attraktive og godt synlege på nettsidene til NU.
Gjennom gode avtalar som er attraktive for teaterlag kan vi både sikre at laga blir verande som medlemmar i tillegg til at vi gjer oss attraktive for potensielle nye medlemslag. Aktuelle føredelar kan vere eigne NU-manus, avtale med sminkeleverandørar og sminkeskular, avtale med stoffleverandørar og byggevarehandlar. Avtale med lokale aktørar, med kostymelager og med lyd-, og lysfirma er også aktuelt.
Teaterfageltet treng ei større stilling på kontoret
- Administrasjonen i NU skal ha fagleg kompetanse på amatørteaterfeltet.
- Administrasjonen i NU skal tilby lag og medlemmar rettleiing og gode svar på dei spørsmåla dei har knytt til eiget amatørteaterarbeid.
- Administrasjonen i NU skal ha tilgjengelege kulturrådgjevarar med kjennskap til og kompetanse på amatørteaterfeltet.
NU skal tilby lokallaga kompetanse på amatørteaterfeltet. Det må vere tilstrekkelege ressursar på NU-kontoret til at det kan svare på alle førespurnadar frå lokallaga. Laga skal vite at det er ein ressursperson dei kan kontakte anten dei treng rettleiing i å finne gode manus til sine lag eller treng råd om kor dei kan søkje om pengar og korleis skrive ein god søknad. Det er viktig at NU har gode opplæringstilbod, men nokre gonger treng laga berre litt hjelp på vegen.
Fleire styringsdokument
Fagpolitisk plattform
Den fagpolitiske plattforma til Noregs Ungdomslag seier kva som har vore og skal vere prioriterte område for organisasjonen. Gjeldande fagpolitisk plattform vart vedteke på Landsmøtet i 2018.
Prinsipprogram
Prinsipprogrammet til Noregs Ungdomslag bygg på paragraf 1 i lovene til NU og ligg til grunn for politikken til organisasjonen: