- Folkedans
Barneinstruktørkurs i folkedans (Tromsø)
Arrangør: Bondeungdomslaget i Tromsø
Bli med på instruktørkurs for barneinstruktørar i mars!
- BUL Tromsø, Richard Withs plass 2, 9008 Tromsø.
- 500,-/1000,-

22.-23. Mars 2025 inviterer Noregs Ungdomslag og BUL Tromsø til barneinstruktørkursifolkedans. Instruktør er Anette Johansen frå Bodø. Kurset skjer i BUL Tromsø sine lokaler.
Barneinstruktørkurset er for deg som vil undervisa barn og unge i folkedans. Her er det fokus på danseleik der du lærer eit repertoar av gode dansar og leikar for barn. Det vil også verafokus på korleis du arbeider didaktisk med barn og gruppeleiing.
Om kurset:
På dette instruktørkurset går me inn på didaktikk og metodar retta mot danseundervising for barn. Spørsmål her kan mellom anna vera: korleis arbeida med ulike målgrupper og gruppestorleikar. Kva dansar fungerer for 3 stk og kva fungerer for 90 stk?
På kurset legg me opp til å presentera eit repertoar av gode leikar/dansar for barn og gjev eit innblikk i korleis du kan arbeida med rytmer for barn.
På kurset går me inn på danseundervising som konsept. Kva arbeider du fram mot som instruktør, kven samarbeider du med, korleis motivera barna til å halda fram med å dansa og kva motiverer deg som instruktør?
Målgruppe:
Deg som underviser eller har planar om å starta opp undervising for barn. Kurset er for både erfarne og nybyrjarar, der målet er å få erfaringsutveksling mellom nye og dei som har undervist ei stund. Nedre aldersgrense: 13 år. Inga øvre aldersgrense.
Om instruktøren:
På dette kurset er det Anette Johansen frå Bodø som er instruktør. Ho vil dele av sin rikhaldige erfaring som instruktør og lærar om korleis ho har arbeidd med folkedans med barn og ungdom. Anette er ein dyktig instruktør og eit erfarent organisasjonsmenneske som har vore sentral i arbeidet med og utviklinga av Ungdomsringen Salten, Bodø folkedanslag og BUL Bodø sidan 2002. Ho er lærar i barneskulen og har mykje erfaring med dans i skulen. Dei seinare åra har ho også vore med å utviklaFolkepedia og instruktørmodellen til NU.
Program (med atterhald om endringar):
Kurs laurdag 10:00-17:00
Kurs sundag 10:00-15:00
Kurslokale:
BUL Tromsø sitt hus, Richard Withs plass 2, 9008 Tromsø.
Prisar og betaling:
Kurspris medlem i Noregs Ungdomslag: 500,-
Kurspris ikkje-medlem: 1000,-
Det er mogleg å betale med kort, Vipps eller faktura, både som privatperson eller som lag/bedrift.
Lunsj, kaffi/te og snacks er inkludert i kursprisen for begge dagar.
OBS: Dersom du ynskjer å bli medlem i NU kan du ta direkte kontakt med solveig@ungdomslag.no (mailto:solveig@ungdomslag.no) før du fullfører påmeldinga.
Overnatting:
Vi har avtale med Quality Hotel Saga, rett ved kurslokalet, om gode prisar på enkelt- og dobbeltrom. MERK: For å sikre oss dei gode prisane må romma bestillast innan 6. mars! Du kan bestille rom ved å melde deg på i påmeldingsskjema, og så vil du få informasjon frå NU om vegen vidare.
Pris enkeltrom per natt: 1690,-
Pris dobbeltrom per natt: 1790.-
Reise og mat:
Kvar enkelt organiserer og dekker eiga reise og mat utover lunsj.
Vi anbefaler å søke lokal- eller fylkeslag om støtte til å dekke kostnader med kurs, reise og overnatting.
Meld deg på!:
Påmelding til instruktørkurset skjer via Checkin. Kurset har eit avgrensa tal plassar så det er lurt å vera tidlig ute med påmeldinga. Siste frist for å melde seg på er torsdag 6. mars kl. 23.55.
MERK: Eventuell avlysing må skje innan ordinær påmeldingsfrist. Deltakaravgift for ev. avlysing etter fristen vert ikkje refundert.
Spørsmål ang. kurset kan rettast til solveig@ungdomslag.no.
Kurset er støtta av Studieforbundet kultur og tradisjon.
Fleire arrangement
Sjå alle- Folkedans
FolkLeiarUng - andre samling
Oslo
- 500,- for laga
- Folkedans
Dansens dager
Heile landet
Landsmøte 2025
Dronning Eufemias gate 4
- Informasjon om prisar og påmelding kjem