Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

FolkLeiarUng DANS

Søk om å bli med på FolkLeiarUng – prosjekt for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Søknadsfristen er 9. august.

Gjeng med glad ungdom med instrumentGjeng med glad ungdom med instrument

FolkLeiarUng er eit prosjekt i regi av FolkOrg, for folkemusikarar og folkedansarar mellom 15-23 år. Vi i Noregs Ungdomslag er heldige som no får vere ein samarbeidspartner då prosjektet frå 2024 også går på folkedans!

FolkOrg har drive prosjeketet FolkLeiarUng på folkemusikk i fleire år allereie, og det er no inne i sitt fjerde prosjektår. Det er med stor glede at no også folkedansarar kan søkje om å delta i prosjektet til hausten! Deltakarane får gjennom to helger i skuleåret inspirasjon og kunnskap om rolla som pedagog og danseleiar/musikalsk leiar. Målet med prosjektet er å gje unge folkedansarar og folkemusikarar ein møteplass der dei kan få kunnskap om og utvikle seg som pedagog og leiar. Deltakarane melder seg på/søker for eitt år om gongen.

Søknadsfristen for prosjektåret 2024/2025 er 9.august.

Kva inneber FolkLeiarUng for deg som deltakar?

Som deltakar i dette prosjektet vil du bli kjent med folkemusikarar og –dansarar frå alle kantar av landet. Du vil bli ein del av eit miljø for unge leiarar og pedagogar innan folkemusikk og folkedans, og ikkje minst får du oppfølging gjennom året av våre gode instruktørar. På samlingshelgene blir det vere fokus på fordjuping i eiga sjanger, formidling, erfaringsdeling, pedagogiske tips og triks, og samdans og samspel! Nokon døme på tema som deltakarane får lære meir om: Korleis lære bort ein slått eller dans? Kva er viktig å ta omsyn til når ein skal planlegge øvingar? Korleis lærer ein bort til born som er nybyrjarar, kontra vaksne som har spelt eller dansa lenge? Korleis leier du ein gjeng som spelar/dansar heilt ulikt og med ulike forkunnskapar? Korleis skapar du som pedagog eit trygt og inspirerande miljø?
Samlingane vil halde eit høgt nivå, der deltakarane får stor fridom til å utforske rolla som pedagog og leiar. Vi søker deltakarar som er nysgjerrige på å lære meir om rolla som leiar og pedagog, og som ønsker å ta med erfaringane frå dette prosjektet vidare inn i noverande og framtidige spel- og danselag.

Er du ikkje tilknytt eit særskild ungdomslag, spelemannslag eller dansarlag? Kontakt FolkOrg eller Noregs Ungdomslag, så hjelper vi deg med å finne eit nærliggande lag.

Vi ønsker eit mangfald av instrument blant folkemusikkdeltakarane. Alt frå fele og hardingfele til toradar og trekkspel, langeleik, vokal, bass og gitar og så vidare.

Kva inneber FolkLeiarUng for laga?

Prosjektet er meint å vere eit bidrag til laga i form av å gi dei eldre ungdommane eit tilbod som kan auke motivasjonen til å halde fram med spelinga og dansinga i laga. Såleis er dette ein sjeldan sjanse for danse- og spelemannslag som ynskjer å gje dei eldste ungdommane sine eit inspirerande og utviklande tilbod.

Instruktørane kjem til å vere i kontakt med både deltakarane og laga i forkant av og mellom samlingane. På den måten blir laga informerte om kva deltakarane har jobba med, og korleis dei best kan følgje opp medlemmane sine fram til neste samling.

Deltakaravgift

Laga betaler 500 kr per deltakar frå sitt lag. Summen gjeld for heile skuleåret og inkluderer to kurshelger med overnatting og mat for deltakarane, samt oppfølging av llaga og deltakarane mellom samlingane. Vi oppmodar også laga å dekke reiseutgifter til sine medlemmer.

Søknad

Deltakar som ynskjer å vere med fyller ut søknadsskjemaet på denne sida. Søknaden gjeld for eit år om gongen og etterspør informasjon frå både deltakar og lag. Prosjektet har eit maksantal på 14 deltakarar på musikk, og 14 deltakarar på dans. Søkarane vil få svar i laupet av september.
Deltakarar som har vore med på FolkLeiarUng tidlegare, får berre plass om det er ledige plassar på prosjektet.

Søknadsfrist: 9. august.

Samlingshelgene blir 22.-24. november i Oslo, og 4.-6. april (stad er ikkje bestemt).

Samarbeid

Vi er glade for at dette prosjektet no er blitt eit samarbeid på folkedansdelen av prosjektet mellom FolkOrg og Noregs Ungdomslag. Både FolkOrg og NU jobbar for å styrke og formidle folkedansen sin plass i samfunnet, og vonar dette prosjektet vil løfte fram unge folkedansspirer som vil utvikle seg som dansepedagog og -instruktør.

Prosjektet er finansiert av stønadsmidlar frå Dextra Musica.


Har du spørsmål om prosjektet og søking? Ta kontakt med

Live Visdal: live@folkorg.no / tlf. 97415515

Solveig Brekke Hauknes: solveig@ungdomslag.no / tlf. 47398764