Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Avslutningstale NORDLEK 2024

Les avslutningstalane frå Noregs Ungdomslag og Nordlek.

Foto av dansarar frå Nordisk folkedansmønstring på NORDLEK 2024 Foto Kulturfotografen AS Thor HauknesFoto av dansarar frå Nordisk folkedansmønstring på NORDLEK 2024 Foto Kulturfotografen AS Thor Hauknes

NORDLEK 2024 har kome til endes og vi takkar for ei fantastisk festivalveke!

Under avslutningsseremonien laurdag kveld heldt både Torbjørn Bergwitz Lauen (leiar Noregs Ungdomslag) og Edvard Lauen (festivalleiar NORDLEK 2024) sine takketalar. Båe talane kan du lese her.

Avslutningstale Torbjørn Bergwitz Lauen 20. juli 2024

Gode nordiske vener!

For ei veke det har vært!

Det har vore ein lang prosess frå me begynte arbeidet med å finne ein arrangør for NORDLEK 2024 – til me står her i dag.

Og det har vore mange involverte heile vegen – som eg på vegne av Noregs Ungdomslag ønskjer å takke.

Takk til mine gode vener og kolleger i Nordlek-systemet.

Takk til det norske Nordlek-utvalet.

Takk til Arendal kommune som har tatt så godt imot oss.

Takk til Fossekompaniet, Sparebank1, Agder fylkeskommune og Nordisk kulturkontakt for all økonomisk støtte.

Takk til dei fantastisk flinke folka på kontoret til Noregs Ungdomslag.

Takk til Aust-Agder Ungdomslag for at dere tok på dere arrangør-oppgåva.

Takk til Vest-Agder Ungdomslag for alt dere har stilt opp med.

Takk til alle dei utrøttelige frivillige i raude t-skjorter som har stått på under heile festivalen.

Takk til dere som har stilt opp som instruktørar, danseleiarar, heng-på-forbilder, musikarar, forsongarar, flaggbærarar og tolkar.

Takk til alle dere som har vore med i dei ulike nemndene, og som har jobba med NORDLEK 2024 i opptil fleire år.

Og ein spesiell takk til Nina Byttingsmyr, Torgeir Fiane, og min eigen pappa – festivalsjef Edvard Lauen.

Og ikkje minst, takk til alle deltakerne på NORDLEK for at dere kom.

Takk alle saman.

Takk for ei fantastisk veke her i Arendal.

Takk for gode minner – musikk – song – og dans.

Og takk for dei fine møta mellom folk – kulturer – og tradisjonar.

Takk for dansen.

Vi sees i Danmark i 2027.


Avslutningstale Edvard Lauen 20. juli 2024

Først vil eg takke for tilliten ungdomslaga i Agder har blitt vist ved å få lov å skipe til NORDLEK 2024.

Vi visste nok ikkje heilt kva vi gjekk til; og det var kanskje godt! Men vi har hatt gode hjelparar i Arendal kommune, Agder fylkeskommune og det lokale næringslivet.

Dei som har vore motoren i arbeidet har likevel vore hovudnemnda. Eg vil difor be heile nemnda kome fram og stille seg til høgre her foran scena.

I tillegg kjem ei fabelaktig støtte frå administrasjonen i Noregs Ungdomslag. Kan dei kome fram og stille seg her foran scena på venstre side.

Så vil eg gjerne at alle dei andre som har arbeidd frivillig her på NORDLEK om å kome fram og stille seg på plattingen foran scena; det har vore ekstra fint for oss at så mange frå dei andre nordiske landa har deltatt som frivillige. Særs viktig har tolkane vore.

Eg skulle gjerne takka kvar og ein av dykk, men det er særleg ein flott representant for de frivillige eg vil trekke fram. Han er den som kan planlegge møte, skrive framifrå møtereferat. Han førebur seg grundig på alt han skal gjere, og gjennomfører det han tar på seg makalaust bra. På mi oppmoding tok han på seg å vere ansvarleg for rigg og rydding under festivalen. Han meinte han ikkje var kompetent til jobben. Vi kan alle sjå at der tok han feil.
Torgeir – kan du kome opp på scena?

Dette flaskeskipet er laga av ein lokal kunstnar her i Arendal. Dette får du frå alle oss her på NORDLEK 2024. Og når du vaknar ein gong uti neste veke, kan du minnest kva du var med å skape. Du kan minnest takksemda frå alle som var med å arbeide saman med deg.
– og om du legg øyret inn til flasketuten her er det ikkje vindsuset du høyrer – det er jubelbruset du no høyrer frå alle deltakrane på NORDLEK 2024.

Då seier eg takk for oss, og for min del at eg fekk æra av fekk lov å lose dette stemnet i hamn. Vi har lært mye, og vi vil freiste å bringe lærdomen vidare til seinare NORDLEK-stemner. Så med dette takker eg for oss og leverer det offisielle Nordlek-flagget attende til styret i Nordlek ved ordførar Urban Lind.

Foto: Kulturfotografen AS Thor Hauknes/Noregs Ungdomslag