Deltidsemne i folkedans
No kan du studere folkedans på deltid hausten 2024 og våren 2025 i Rauland.
Institutt for tradisjonskunst og folkemusikk ved Campus Rauland lyser no ut to enkeltemner i folkedans som du kan sende inn søknad til!
Eigentleg skulle bachelor i folkedans som utøvande studie starte opp hausten 2024, men det var diverre eit lågare søkartal enn vi hadde håpa på. Vi veit at det er fleire interesserte kandidatar og eit skrikande behov for utdanna folk på feltet, og satser på ein betre prosess fram mot hausten 2025 for å rekruttere fleire studentar.
Campus Rauland vil no lyse ut nokre av emna i utdanninga som eit samlingsbasert deltidsstudium, og på den måten nå ei målgruppe som lenge har venta på dette studiet, men som no har ein livssituasjon som ikkje gjer det mogleg å studere på fulltid. På den måten vil vi både kunne gi eit etterlengta tilbod, samt kome i gong med deler av det fyrste året i bachelorstudiet. Rauland vil for neste studieår vurdere å samkøyre opptak til dette studiet samstundes med andre utøvande utdanninger, samt sikre betre marknadsføring av studiet ut til dei aktuelle målgruppene for studiet.
Tilbyr å studere folkedans på deltid frå hausten
USN tilbyr to emner på 15 studiepoeng som deltidstudie i folkedans. Begge desse emna vil bli organisert med undervisning på samlingar for å legge til rette for at dette kan kombinerast med jobb eller andre studier.
Haust 2024 tilbyr dei emnet «Tradisjonskunnskap folkedans, basis» samling veke 36, 42 og 50
Vår 2025 tilbyr dei emnet «Tradisjons, bevegelse- og musikkanalyse» samling veke 4, 11 og 23 (med atterhald om endringar).
Interesserte søkarar kan sende inn søknad via skjema på denne sida.
Bachelor i 2025
Campus Rauland fortel at dei framleis er optimistiske og gler seg til å kome i gang med å kunne tilby eit bachelorstudium i folkedans, sjølv om det ikkje blir full oppstart hausten 2024. Veit du om kandidatar som kan tenke seg å gå ein bachelor bør du tipse dei om å søke til vinteren att for studieåret 2025/2026.
Fleire aktualitetar
Sjå alleKastar kleda for kreftsaka
Mannfolka i Fjærland Ungdomslag vedtok å gi det litle ekstra i år – eller eventuelt kaste det «litle ekstra» for ei god sak. I kalenderen for 2025, der halvparten av inntektene skal gå til Kreftforeningen, får du nemleg sjå 16 av Fjærlands stolte søner, like naken som dagen dei vart fødd.
27. oktober 2024
Pepperkakehuset i bygda
Julekampanje i Noregs Ungdomslag – Pepperkakehuskonkurranse! For å feire både at dei nye nettsidene til lokallaga snart kjem og verdien av Huset i Bygda, inviterer vi alle lokallag i heile landet til ein kreativ og smakfull konkurranse – lag ditt eige pepperkake-ungdomshus!
23. oktober 2024
Ny amatørteaterparaply er stifta
I dag har 13 ulike aktørar i amatørteaterfeltet stifta organisasjonen Teaterforbundet Norge. Ein paraply for dei som driv med amatørteater i Noreg.
22. oktober 2024