Hopp til hovedinnhold
Nyheiter

Gode fysiske møteplasser skaper gode fritidstilbod

Alle barn og unge skal få vere med på kultur- og idrettsaktivtetar og no skal Regjeringa lage ein handlingsplan for deltaking.

Magni Hjertenes Flyum på talarstolen på innspelsmøte til regjeringa

Barn og unge har ikkje like moglegheiter til å delta i kultur- og idrettsaktivitetar. Regjeringa har no starta arbeidet med ein handlingsplan som skal vere klar før sommaren 2024. Føremålet med planen er like moglegheiter til å delta i kultur- idretts- og friluftsaktivitetar for barn og unge i heile lande, uavhengig av økonomi, utdanning og nettverk i familien.

Den 6. november arrangerte dei det første innspelsmøte i dette arbeidet. Over 30 ulike organisasjonar var samla for å gje sine innspel. Noregs Ungdomslag deltok, ved generalsekretær Magni Hjertenes Flyum.