Innkalling til landsmøte 2025
Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 26. og 27. april 2025. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.

Førebels sakliste
Styret har sett opp ei førebels sakliste for landsmøte. I tillegg kan medlemane gjennom laga komme med framlegg til saker ein ønsker at landsmøtet skal handsame. Sakene må vere melde skriftlig til styret i Noregs Ungdomslag seinast åtte veker før møtet, dvs innan 1. mars.
Framlegg til saker kan de sende til post@ungdomslag.no. Merk emnefeltet med «Saksframlegg til landsmøtet 2025».
Styret vil etter dette setje opp framlegg til endeleg sakliste. Lista blir kunngjort på heimesida til Noregs Ungdomslag (www.ungdomslag.no), og sendt til dei påmelde utsendingane seinast 29. mars.
Den førebelse saklista per 17.januar 2025 er:
- Opning og konstituering
- Årsmelding 2024
- Rekneskap 2024
- Kontigent
- Evt. Lovendringsforslag
- Fråsegner
- Innkomne saker frå laga
- Val av styre, revisor og valnemnd
Du finn førebels innkalling og sakliste til nedlastning her.
Du finn alltid den nyaste informajsonen om landsmøte 2025 her.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Bli med på ISLEK i juli
Folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK arrangerast på Island i sommar. Blir du og laget ditt med?
3. mars 2025


Barneinstruktørkurs i Tromsø
Vil du lære å undervise barn i folkedans? No har du sjansen til å få gode verktøy, inspirasjon og nyttig erfaring!
26. februar 2025


Kven Veit? 2025: Resultat etter 1. runde
Første tevlingsrunde med Kven Veit? er vel gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått gjennom svara og kan no avsløre kven som seglar opp i ei foreløpig leiing.
24. februar 2025
