Myldrande liv i Hyen
På tampen av Januar månad, var NU-kontoret på besøk hjå ungdomslaget i Hyen. Der var det myldrandre liv på fredagsklubben, og mange unge som var interessert i ungdomslaget.
![Ungdomar i sofaen.](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/1fb9671baff3fd590e11f2eb3fba1219cacc8d5a-4032x3024.jpg?auto=format&fit=max&q=75&w=2016)
Hyen er ei vestlandsbygd i Gloppen Kommune, med eit par hundre innbyggarar. Ungdomshuset ligg i forbindelse med idrettsanlegget eit steinkast frå skulen, og huset er eit spleiselag mellom fleire i bygda. Aktiviteten er stor, og fredagane aular det av ungdom som møtest på fredagsklubben. Då nytta vi høve til å huke tak i ungdomen for å fortelje om Hyen Ungdomslag.
Rundt 20 ungdom sat tettpakka i sofaen og lurte på kva vi no skulle til med. Lokallagsleiarar Jakob Straume er primus motor med mange ballar i lufta. Då er prioriteringane harde, men han har bestemt seg for at Hyen Ungdomslag skal på beina igjen. Til gjengjeld inneber det å ha mange hattar, som til dømes som fotballtrenar, at ein har ei stemme og nokre relasjonar som gjer at ungdomen sit klare og forventningsfulle i sofaen når ein ber om det.
Kvelden byrja med at eg, Stine Fjellkårstad frå NU-kontoret, heldt ei innleiing om ungdomslagsarbeid og viktigheita av frivillegheit som sosial arena; Mange organisasjonar er veldig klar over at dei manglar ungdom, men er ungdomen klar over at dei er sakna i mange fellesskap?
Slik Jakob Straume hugsar Hyen Ungdomslag, var det myldrande liv og stor oppslutning om arrangementa. No ynskjer Jakob at ungdomslaget skal verte same verktøyet for ungdomane sine ynskjer i Hyen. Han fortalte at laget har god økonomi, og har gjort mange av innkjøpa til ungdomsklubben. Ida Søderstrøm fortalte om Frifond-ordningane som òg gjev økonomiske insentiv om flest mogeleg ungdomsmedlemmer.
- Er det slik at vi kan få pengar, spør ein av ungdomane.Direkte er ikkje dette mogeleg, men ungdomslaget står fritt til å søke midlar som ein kan bruke til prosjekt som kan lønne ungdomar. Moglegheitene er mange.
Tilhøyrarane fekk innsikt i korleis engasjere seg i lokalsamfunnet gjennom ein frivillig organisasjon. Å få sine eigne idéar til å ta form med stega; felles dugnad, søknadsordningar, og til slutt eit resultat, er den perfekte malen. Neste gong vi vitjar Hyen er på deira årsmøte, ungdommen har også i denne samlinga fått lynkurs i korleis eit godt årsmøte går føre seg.
Kva er ungt Demokrati?
Her er litt den overordna tankegongen:
- Det vi tenkjer er behovet: Styrke kunnskapen om organisasjonsbygging og kvifor frivillige organisasjonar har ei viktig rolle i samfunnet og demokratiet.
- Mål: Styrke organisasjonsdemokratiet, og auke kunnskapen om dette blant ungdom og på denne måten medverke til dei gode samfunnssamtalane. Ungdomen skal tenkje at dersom dei har ein idé så er lag og organisasjonar, gjerne Noregs Ungdomslag, verktøyet for å gjere verklegheit ut av det engasjementet. Kall det gjerne ei slags gjenoppdaging av lag og organisasjonar.
- Målgruppe: Både vaksne og unge.
![](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fmedia%2Fstriped-tape.042e0289.png&w=3840&q=75)
Fleire aktualitetar
Sjå alle![Bilete av Arnfinn Eng med kongens fortenestemedalje på brystet](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/53fe083b69162b4819aa4a9cfa6c2b1c0467c768-923x901.png?auto=format&fit=crop&fp-x=0.5&fp-y=0.588&h=200&q=75&rect=0,64,923,727&w=400)
Kongens fortenestemedalje til Arnfinn Eng
Tysdag 28. januar blei Arnfinn Eng heidra med Kongens fortenestemedalje for sitt dedikerte engasjement for kultur og politikk, og for alt arbeidet han har lagt ned for å skape aktivitet i eige lokalmiljø.
28. januar 2025
![](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fmedia%2Fstriped-background.166ae50f.png&w=1920&q=75)
![Bilete viser årsmøte i Sogn og Fjordane Ungdomslag, 2023](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/b69617976437c0458dd8002203894db0fab68604-9248x6936.jpg?auto=format&crop=entropy&fit=crop&h=200&q=75&w=400)
10 tips til deg som skal arrangere årsmøte
Det er tid for årsmøte i både lokal- og fylkeslaga. Følgjer laget ditt mønsterlova til NU skal laget gjennomføre årsmøte seinast 15. februar, mens regionlaga må ha gjennomført årsmøtet innan 1. april.
21. januar 2025
![](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fmedia%2Fstriped-background.166ae50f.png&w=1920&q=75)
![Bilde av landsmøtedelegatar som held gule røystelappar i lufta. Over ligg det grafikk med teksten Landsmøte 2025, 26.-27. april, Thon Hotel Opera, Oslo.](https://cdn.sanity.io/images/jdh5yyt4/production/051c5cc42b9e594485828863571f7027ec927ace-1920x1080.png?auto=format&crop=entropy&fit=crop&h=200&q=75&w=400)
Innkalling til landsmøte 2025
Noregs Ungdomslag kallar med dette lokallaga og fylkeslaga inn til landsmøte 26. og 27. april 2025. Møtet blir halde på Thon Hotel Opera i Oslo.
17. januar 2025
![](/_next/image?url=%2F_next%2Fstatic%2Fmedia%2Fstriped-background.166ae50f.png&w=1920&q=75)