Nettmøte: Dansetradisjonar frå Oslo
Knapt nokon stad i landet vårt har det vore dansa så mykje og ofte som nett i hovudstaden vår. På 1800-talet var dans ei viktig samværsform for alle samfunnsklasser, frå borgarane sine bygardar og herskapsseter til ålmugen sine mange dansehus aust i byen. På Christiania Tivoli var det rom for dei fleste av dei.

I møtet skal vi snakke om fleire av desse dansearenaene, kva dansar dei brukte og musikken som vart spelt til. Dansa alle dei same dansane, eller var det store skilnader dei sosiale klassane imellom? Skilte det seg mykje frå kva dei dansa på bygda? Kvar kom dei nye impulsane frå?
Vi vil også syne nokre danseeksempel på film og høyre litt på musikken som hørte til.

Fleire aktualitetar
Sjå alle
Bli med på ISLEK i juli
Folkedans- og folkemusikkfestivalen ISLEK arrangerast på Island i sommar. Blir du og laget ditt med?
3. mars 2025


Barneinstruktørkurs i Tromsø
Vil du lære å undervise barn i folkedans? No har du sjansen til å få gode verktøy, inspirasjon og nyttig erfaring!
26. februar 2025


Kven Veit? 2025: Resultat etter 1. runde
Første tevlingsrunde med Kven Veit? er vel gjennomført og alle deltakarlag har sendt inn sine resultat. Vi har gått gjennom svara og kan no avsløre kven som seglar opp i ei foreløpig leiing.
24. februar 2025
